Læring og atferdspsykologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PSYK207
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk (Noen emner kan bli undervist på engelsk)
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om og kan drøfta sentrale teoriar, prinsipp og empiriske funn for læring, både hos dyr og menneske:
- Habituering/dishabituering og sensitivisering
- Klassisk betinging
- Instrumentell (operant) betinging
- Modell-læring/Sosial kognitiv læringsteori
- Relevante eksperimentelle studiar med bruk av dyr i laboratorium
Studenten kan forstå kva for rolle læring har for korleis individet fungerer i eit miljø og kva som påverkar og endrar åtferd
Studenten kan greie ut om korleis grunnleggande prinsipp innanfor læringspsykologien kan nyttas for å forstå åtferd hos menneske
Studenten har kunnskap om kva som kan gjerast for å endre og oppretthalde åtferd hos dyr og menneske
Ferdigheiter
Studenten kan bruka læringspsykologiske bidrag til forståinga og endringa av menneskeleg åtferd innan:
- angstlidelser
- rus- og alkoholavhengighet
- penge og dataspillavhengighet
- eteforstyrring
- helse og åtferd
- åtferdsvanskar hos born
- læringsvanskar hos born
- lært hjelpeløyse og depresjon
Studenten kan bruka læringspsykologi i område som høyrer til kvardagslivets psykologi, for eksempel:
- oppfostring
- endring av (helse)åtferd
- endring av problematisk åtferd (t.d. åtferdsvanskar i skolekontekst)
- prokrastinering
Generell kompetanse
Studenten kan
- kjenne igjen og anvende grunnleggende læringsprinsipp (som habituering, sensitivisering, klassisk/instrumentell betinging, modell-læring) i kvardagslivet og klinisk kontekst.
- bruke modellar og prinsipp innanfor læringspsykologien til å gjere åtferdsanalyser og nyttiggjere dette i arbeidslivet og i vidare utdanningarbeide i team
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet krev studierett på eit av følgjande studieprogram:
- Bachelorprogrammet i generell psykologi
- Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
- Bachelorprogrammet i kognitiv vitenskap
- Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer
Dei spesifikke måla kan verte nådde gjennom deltaking i førelesingar og seminar, praktiske øvingar og sjølvstudium. I tillegg får studentane tilbod om ein prøveeksamen for å øva til skuleeksamen. Samla undervisning utgjer 34 timar, som er delt mellom nøkkelførelesingar, 4 seminar (3 seminar om avhengigheit og 1 seminar om helseåtferd) og praktiske øvingar ("Sniffy the virutal rat", eit datamaskingprogram for å få praktisk erfaring med klassisk og instrumentell betinging).
Det er to frivillige fleirvalsprøvar om grunnleggande prinsipp (f.eks. klassisk/instrumentell betinging, habituering, sosial læring) fordelt over semesteret. Kvar prøve har eit omfang på 60 minutt og blir gjennomført online på MittUiB. Desse er tenkt som ei førebuing til eksamen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein skriftleg rapport basert på programmet "Sniffy the virtual rat" skal leverast og godkjennast. Omfang for rapporten er 6-9 sider. Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.
Den obligatoriske aktiviteten er gyldig i 3 semester (det semesteret ein gjennomfører aktivitetane og dei to følgande semestra).