Vitskapelege forskingsmetodar
Masteremne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PSYK678
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Skandinavisk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål at studentane skal tileigne seg inngåande kunnskap om og forståing av kvantitative, kvalitative og mixed metode (forskingsparadigme), inkludert vitskapsteoretiske basis, ulike forskingsdesign, ulike måtar å samle inn og analyser data på. Studentane skal tileigna seg inngåande kunnskap og forståing for ulike føresetnadar for val av forskingsmetode, tyding av teori, problemstillingar, og etiske føresetnadar og grunnlag for kvalitetssikring av data og resultat innan dei einskilde paradigma.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Studenten skal ha følgjande kunnskapar:
- Har avansert innsikt og forståing for den vitskapsteoretiske basis og kjenneteikna til dei tre forskingsparadigma kvantitativ, kvalitativ og mixed metode.
- Har inngåande forståing for de ulike føresetnadane som gjeld for val av ein gjeven forskingsmetode.
- Har avansert innsikt i dei einskilde paradigma sine ulike forskingsdesign, bruk av teori og ulike måtar å samle inn data på.
- Har inngåande kunnskap om ulike måtar og tilnærmingar for å analysere data på innom dei einskilde forskingsparadigma. Dette inkluderer analyser av kvantitative data (deskriptive, bivariate, regresjon, mediering og modelleringsanalysar), analyse av kvalitative data (tematisk analyse, systematisk tekstkondensering), samt ulike metodar for analyse og samanstilling av kvalitative og kvantitative data og resultat.
- Har avansert kunnskap om bruk av omgrep og ulike strategiar for kvalitetssikring av data og resultat med utgangspunkt i dei einskilde paradigma sine føresetningar.
- Har inngåande kunnskap om ulike verktøy til bruk i kvalitetssikring og vurdering av publiserte artiklar, eigne og andre sine arbeider (t.d. EQUATOR guidelines).
- Har inngåande kunnskap om lovgrunnlaget for forsking knytt til etikk, personvern, trygg lagring av data og ulike godkjenningar som må være på plass før datasamling i eit prosjekt.
Studenten skal ha følgjande ferdigheiter:
- Kan bruke den vitskapsteoretiske kunnskapen knytt til de enkelte forskingsparadigma som grunnlag for val i planlegging og gjennomføring av eiget forskingsprosjekt.
- Har inngåande ferdigheiter i dei ulike paradigma sine forskingsdesign og ut frå dette kunne velje og bruke riktig forskingsdesign ut frå ei gjeven problemstilling.
- Kan nytte kunnskap om ulike metodar for datainnsamling og vurdere desse opp mot etiske og ressursmessige (tid, kostnader) omsyn i planlegging og gjennomføring av datainnsamling.
- Kan planlegge, gjennomføre og kvalitetssikre formålstenlege analysar av data ut frå paradigma og analysane sine grunnleggande føresetnader.
- Har inngåande ferdigheiter i vurdering av kvaliteten i forsking ut frå det einskilde forskingsparadigmet.
- Kan planlegge og gjennomføre et forskingsprosjekt i tråd med nasjonalt og internasjonalt lovverk og retningsliner for etikk, personvern, trygg lagring og deling av data.
- Kan formidle resultat frå eigen eller andre sin forsking ut frå ulike målgrupper sine føresetnader.
Studenten skal ha følgjande generelle kompetanse:
- Anerkjenner at vitskapeleg forsking byggjer på ulike forskingsparadigme, der val av forskingsmetode er basert på problemstillinga si karakter og innhald.
- Er bevisst på ulike styrkar og svakheiter knytt til dei ulike paradigma og forskingsdesign, metodar for innsamling av data, analysar og tolking av data.
- Erkjenner eiget ansvar for å gjennomføre forsking i samhøve med gjeldande etiske standardar og lovverk.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på minimum 80% av samlingane.
To skriftlege øvingsoppgåver (1000 ord kvar).
Presentasjonar og tilbakemeldingar til medstudentar.
Alle obligatoriske aktiviteter må gjennomføres i ett og samme kurs.