Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- RELV105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg eit oversyn over nokre av dei viktigaste religionane i Midtausten, Middelhavslanda og Norden i eldre tid. Studenten skal også tileigna seg ytterlegare kunnskap gjennom studiar av eit utval tekstar knytt til dei enkelte religionane.
Innhald:
Emnet gir ei innføring i Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, herunder egyptisk og mesopotamisk religion, gresk og romersk religion, og norrøn og samisk religion.
RELV105 er ein tilrådd del av spesialiseringa i religionsvitskap, men kan der faglege grunnar tilseier det, søkast om å skiftast ut med eit anna fagleg relevant 15 stp.-emne frå eit anna fag. Emnet kan inngå som ei sjølvstendig eining i ein bachelorgrad
Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har tileigna seg kunnskap om dei viktigaste religiøse førestellingane og rituala i mesopotamisk, egyptisk, gresk og romersk religion, religionane i hellenistisk tid og den romerske keisartida, samt norrøn og samisk førkristen religion.
- har blitt kjend med eit utval tekstar knytte til dei einskilde religionane.
- har kjennskap til dei viktigaste religionsvitskaplege problemstellingane knytte til studiet av desse religionane.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan analysera fagstoff på norsk og engelsk om desse religionane og trekkja eigne slutningar.
- kan søkja, vurdera og gjera bruk av informasjon om desse religionane.
- kan skriva ein resonnerande tekst innan dette fagfeltet.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan utvikla vidare dei kunnskapane, dugleik og innsiktene som studiet har gjeve gjennom vidare studiar og arbeidsliv.
- kan bringa vidare til andre informasjon og teoriar frå dette kunnskapsfeltet.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1) Studentane skal til fastsett tid levere inn ei skriftleg oppgåve på Mitt UiB. Frist blir oppgitt på Mitt UiB. Oppgåva skal vere på om lag 1000 ord og studentane får to veker til å skrive oppgåva.
2) Deltaking i gruppeundervisning er obligatorisk og det blir kravd minst 50 % frammøte for å få gå opp til eksamen.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Eksamen består av ei munnleg prøve.
Eksamenssvaret kan bli gitt på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår.
Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.