Religionsvitskapleg teori
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- RELV301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gjere studentane kjende med sentrale bidrag til den internasjonale teoretiske debatten i religionsvitskap. Emnet tek òg sikte på å gje eit godt grunnlag for arbeidet med ei mastergradsoppgåve. Dette vil ein oppnå gjennom drøfting av teoribruk i tidlegare masteroppgåver i religionsvitskap, samt kjennskap til religionsvitskapelege tidsskrift.
For mastergradsstudentar i religionsvitskap er emnet obligatorisk, og skal normalt takast i første semester.
Læringsutbyte
Studenten har ved avslutta emne følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har fordjupa kunnskap om teoretiske tilnærmingar og aktuelle teoretiske diskusjonar innanfor religionsvitskapen i ulike vitskapelege publiseringsformer (tidsskrift, bøker, podcast)
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til å forstå og diskutera teoretiske spørsmålstillingar og teoretiske resonnement.
- har evne til å skrive tekster i ulike akademiske sjangrar (bokmelding, kommentar, essay).
- er kjend med vitskapeleg publisering, informasjonssøk, bruk av kjelder, kjeldekritikk, sitering og etikk.
Generell kompetanse:
Studenten
- har kompetanse i fordjupa og sjølvstendig akademisk lesing og skriving.
- har fordjupa røynsle med å planleggje og gjennomføre skriftlege arbeid av ein bestemt sjanger og omfang innanfor oppgitte tidsfristar.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Tekstene leverast på Mitt UiB til oppgitte fristar.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Alle obligatoriske undervisningsaktiviteter må vere godkjende i eit og same undervisningssemester. Dersom ei innlevering ikkje vert godkjend, kan ho leverast inn ein gong til.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
I tråd med emnet si satsing på jamleg skriving og meistring av ulike sjangrar, består eksamen av fleire delar som strekker seg over heile semesteret:
1. Semesteroppgåve om eit sjølvvald tema (om lag 3 000 ord). Temaet må godkjennes av emneansvarleg seinast tre veker før innleveringsfristen.
2. Kritisk omtale av ei pensumbok (inntil 1500 ord)
3. Oppsummering av ein oppgitt artikkel frå eit religionsvitskapeleg tidsskrift ( 700-750 ord)
Semesteroppgåva tel 60 prosent av samla karakter i emnet. Bokomtala tel 30 prosent og artikkeloppsummeringa tel 10 prosent.
Alle eksamensdelar må vere greidde i eitt og same undervisningssemester.
Eksamen vert berre gjennomført i undervisningssemesteret.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Eksamen vert berre gjennomført i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteratur omfattar bøker, artiklar (minimum 1000 sider) og 6-8 podcast-episodar.
Pensum består òg av sjølvvalde delar.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.