Litteraturvitskapleg retorikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir studenten fordjupande innsikt i eit problemområde i retorikken. Gjennom studiet får studenten ei grundig forståing for eit avgrensa felt i litteraturvitskapleg retorikk. Fordjupingstema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.

Tema for våren 2024 er "De retoriske dyrene". Emneansvarleg er Gisle Selnes.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • gode kunnskapar om eit retorisk problemområde

Ferdigheiter:

Studenten kan

  • vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar innanfor det aktuelle retoriske feltet
  • demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur som er relevant for problemstillinga
  • vise ferdigheiter i å analysere retorisk eit eller fleire litterære verk, forskingslitteratur og posisjonere forskingslitteraturen
  • evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette

Generell kompetanse:

Studenten har

  • grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig arbeid
  • kompetanse i fagleg kommunikasjon
  • evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingara

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
ALLV111-114.
Studiepoengsreduksjon
RET256: 15 studiepoeng
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir gjeve undervisning i form av seminar, ca. 30 timar per semester.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal innan fastsatt frist legge fram tema for prøveforelesinga for faglærar. Frist blir kunngjort på Mitt UiB. Faglærar godkjenner tema.
Vurderingsformer

Prøveforelesing på om lag 30 minutt med tema som studenten har arbeidd med gjennom semesteret.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A - F
Vurderingssemester
Vår. Det er òg vurdering tidleg hausten 2023 for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar. Frå og med våren 2024 vert eksamen berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste

Pensum i det litteraturvitskaplege særområdet omfattar ca åtte verk. Av desse skal minst to vere av ikkje-teoretisk art (essays, sakprosa, skjønnlitteratur). Eit utval på 100 sider litteraturteori gjeld som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eit verk. Dei litterære verka skal om mogeleg lesast på originalspråket.

Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Studentar som gjer endringar i pensum må melde instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for allmenn litteraturvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium