Samfunnskunnskapsdidaktikk 3
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SAKDI300
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet i dette emnet er at studentane reflekterer over og erkjenner relevansen av sosiologiske perspektiv for undervisning i samfunnskunnskap. Ei grunnleggjande sosiologisk innsikt er at sosiale strukturar og individuelle biografiar og livssjansar er knytt saman, noko som inneber at sosiale forskjellar, interessemotsetningar, ideologiar og konfliktar òg blir spegla i klasserommet. Korleis ein kan handtera spenningsforholdet mellom individ og samfunn, mellom handlingsmoglegheiter og strukturelle føringar, er eit viktig spørsmål for og i samfunnskunnskapsundervisninga.
Emnet byggjer vidare på dei grunnleggjande didaktiske kompetansane til studentane. Det blir sett søkjelys på sentrale sosiologiske tema som klasseforskjell, kapitalisme og demokrati, kjønn, etniske minoritetar og rasisme, og berekraft (tema kan variera frå semester til semester). Studentane skal bli kjende med moglege fagdidaktiske inngangar til slike tema. Det vil særleg fokuserast på fagdidaktiske perspektiv knytt til utviklinga av dømmekrafta og analytiske evne til elevane, forståing for samfunnsvitskapleg metode, og handlingsevne. Studentane skal sjølv testa ut og evaluera ulike typar undervisningsopplegg og metodar.
Emnet fordjupar òg kunnskapen til studentane om samfunnskunnskapsfagets historiske utvikling og om ulike syn på kva samfunnskunnskap som fag er eller bør vera, og kva krav som blir stilte til faget i dag. Emnet vil gje grunnleggjande innsikt i samfunnskunnskap som demokratisk danningsfag og kva det har å seia for klasseromspraksis.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten tileignar seg inngåande kunnskapar om følgjande tema:
- samfunnskunnskapsfagets historiske utvikling
- pågåande debattar om samfunnskunnskap som demokratisk danningsfag og funksjonen det har i dagens samfunn og globaliserte verd
- spenningsforholdet mellom individ og samfunn som undervisningsutfordring i samfunnskunnskap
- korleis samfunnsstrukturar og sosiale forskjellar kan ha betydning for samfunnskunnskapsundervisninga og korleis kunnskap om slike strukturar kan formidlast
- samfunnsvitskapleg metode som undervisningsutfordring i samfunnskunnskap
- korleis elevar med ulike føresetnader kan støttast i utviklinga si av dømmekraft og fagleg forståing av tema som klasseforskjell, kapitalisme og demokrati, kjønn, etnisitet eller berekraft (tema kan variera frå semester til semester)
- korleis undervisning i samfunnskunnskap kan leggja til rette for utvikling av handlingsevna til elevar
Ferdigheter
Studenten kan
- analysera ulike syn på funksjonen til faget i samfunnet (t.d. om korleis ulike aktørar bruker faget og kva funksjon faget har for elevane)
- gjera greie for ulike didaktiske prinsipp og teoretiske modellar, og drøfta fordelar og utfordringar knytt til desse
- reflektera over didaktisk litteratur om tema som klasseforskjell, kapitalisme og demokrati, kjønn, etnisitet eller berekraft (tema kan variera frå semester til semester)
- laga og evaluera eigne undervisningsopplegg for å fremja dømmekrafta og handlingsevna til elevar
- vurdera eigne praksiserfaringar i lys av teoretisk kunnskap
Generell kompetanse
Studenten kan
- bruka varierte ressursar for læring
- drøfta ulike fagdidaktiske perspektiv
- arbeida sjølvstendig for å setja seg inn i og presentera fagleg og vitskapleg litteratur og drøfta praktiske implikasjonar av ho
- reflektera over og utvikla eigen fagleg praksis, og vidareutvikla eigen kompetanse gjennom faglitteratur og forsking
- arbeid saman med andre i den faglege utviklinga av undervisning
- gje konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk deltaking på 80% av undervisninga
- Før praksis: Innlevering av ei oppgåve på 1500 ord (+/- 10%) basert på utvalde tekstar frå pensum
- Planlegging og gjennomføring av eit studentbidrag i seminarundervisninga (gruppearbeid)
- Undervisningsverkstad i tilknyting til langpraksis
- Etter praksis: Innlevering av ei oppgåve på 1500 ord (+/- 10%) der pensumlitteraturen skal relaterast til erfaringar i praksis
Vurderingsformer
12 t heimeeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.