Korrupsjonsgransking

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studenten skal tileigne seg teoretisk og empirisk kunnskap og tilnærmingsmåtar til emnet korrupsjonsgransking.

Kurset fokuserer på korrupsjon i ulike kontekster med hovudvekt på politisk korrupsjon og kva rolle denne spelar for demokrati. Kurset diskuterer årsaker til korrupsjon og metodar for å granske og motverke korrupsjon. Ein del av kurset tar for seg dei utfordringane som norske aktørar i utlandet møter, mellom anna gjennom bistandsarbeid. Kurset fokuserer på tre hovudproblemstillingar:

- Kva er korrupsjon? Omgrep, teori, historisk perspektiv, empiri.

- Kva er årsaker til og konsekvensar av korrupsjon?

- Korleis kan ein motverke korrupsjon?

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om teoretiske og empiriske tilnærmingsmåtar til emnet korrupsjonsgransking
  • har inngåande kunnskap om korrupsjon i ulike kontekstar med hovudvekt på politisk korrupsjon og kva rolle denne spelar for demokrati.

Ferdigheter

Studenten

  • kan analysere og stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende disse til å strukturere og formulere faglige resonnement om korleis korrupsjon best kan etterforskast

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og forholda seg kritisk til årsaker til korrupsjon og metodar for å granske og motverke korrupsjon og kjenne til dei utfordringane som norske aktørar i utlandet møter, blant anna gjennom bistandsarbeid.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Hybrid. Nettundervisning kombinert med auditoriumsundervisning.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande, samt 2 års relevant yrkeserfaring (fulltid).
Studiepoengsreduksjon
Ingen studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer

Eksamen er å skrive ei semesteroppgåve på inntil 4500 ord

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Vår

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, inkludert avbrutt esamen (må dokumenteres med attest fra lege eller annen sakkyndig). Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar som strauk på eksamen få tilgang til kontinuasjonseksamen. Desse kan melde seg opp i Studentweb etter 1. august.

Litteraturliste
Se digital pensumliste
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Terje Knutsen
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.