Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SANT150
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet er samansett av tre hovudkomponentar, som saman tar sikte på å 1) auke studenten si mestring av akademisk skriving og lesing, 2) gje studenten eit generelt oversyn over samfunnsvitskaplege tankemåtar og metodar, og 3) innføra studenten i sentrale antropologiske tematikkar, metodiske tradisjonar og fagspesifikke formidlingsformar. Emnet er satt saman med tanke på å utfylla SANT100 Invitasjon til sosialantropologi, og ein rår studenten difor til å ta desse emna parallelt.
Den første bolken gjev ei innføring i stilistiske og skrivetekniske særtrekk ved samfunnsfagleg akademisk skriving gjennom tekstanalyse og rettleia, sjølvstendig skrivetrening. Studenten lærar å tolka og utforma ein akademisk tekst i samhøve med disiplinære normer for fagleg form og innhald, med eit særleg fokus på sosialantropologiske tekstar. Det blir lagt vekt på å læra studenten å identifisera og trekkja ut dei faglege argumenta i ein tekst.
Den andre bolken gjev eit kort overblikk over samfunnsfaga si historie og ei innføring i nokre sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkemåtar. Bolken formidlar kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag.
Den tredje bolken er førebuande til substansemna SANT102-SANT105. Bolken er monografibasert med det føremål å gje studenten ei heilskapleg forståing av forholdet mellom det antropologiske feltet, antropologisk metode, antropologisk kunnskapsproduksjon og tekstleg framstilling. Kva monografiar som blir nytta varierer frå år til år, men det blir lagt vekt på sosial organisasjon, ervervsmåtar og humanøkologi, samt sosial differensiering, ideologi og trusformar. På denne måten utfyllar dei tre bolkane innanfor emnet kvarandre, samstundes som studenten blir gjeven ei innføring i sentrale antropologiske tematikkar, teoretiske retningar og analytiske tenkemåtar.
Dei kunnskapar og den praksisøvinga som kurset gir, kan brukast på alle fag ved Det samfunnsvitskapelige fakultet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- ha oversikt over sentrale samfunnsfaglege tradisjonar og metodar
- ha kunnskap om det antropologiske faget sine grunnleggjande omgrep, perspektiv, metodar og formidlingsformer
- ha kjennskap til sentrale aspekt ved antropologifaget si tilnærming til kjønn, trusformar og sosiale ulikskapar
- ha ei forståing av den historiske utviklinga av samfunnsvitskapane
- ha eit oversyn over antropologifaget sin analytiske og metodiske eigenart
Ferdigheitar
- ha kjennskap til korleis en utviklar ein problemstilling, argumenterer og strukturer ein akademisk diskusjon
- strukturere og utforme ein akademisk tekst
- greie ut om sentrale teoretiske bidrag innanfor samfunnsvitskapane
- gjere greie for enkelte antropologiske bidrag som tematiserar kjønn, trusformar, sosiale ulikskapar og differensiering, ervervsmåtar og humanøkologi, og samspelet mellom lokale og globale prosessar
Generell kompetanse
- kritisk lese, tolke og gjere greie for ein akademisk tekst
- ha kunnskap om akademiske tekstar sine sjangerbestemte normer for innhald, form og oppbygging
- ha evne til å tenke analytisk kring samspelet mellom menneske, kultur og samfunn
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- 2 timer førelesing per veke
- 2 timer arbeidsseminar per veke, med forsterka seminararbeid under del 1 av kurset
- 12 veker undervisning, ca. 24 timar førelesing totalt
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg heimeeksamen. Tidsramme: éi (1) veke frå utlevering av oppgåvetekst til innlevering. Omfang: 3000 ord (+/- 10 prosent).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til studieveileder.sosantr@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.