Antropologisk kunnskapsproduksjon og etnografisk praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek opp metodiske og kunnskapsteoretiske områder i faget. Det går inn på aktuelle og sentrale problemstillingar, og tek opp teoridanning og debattar med ei primær målsetjing om å utvikle studentane sine eigne forskingsferdigheiter. Emnet gjev eit kritisk inntak til antropologisk forskingspraksis og kunnskapsproduksjon: deltakande observasjon og feltarbeid, produksjon og handsaming av data, framstelling og analyse av empirisk materiale, og argumentutforming, der faget sitt sentrale heilskapsperspektiv på samfunn og kultur vert teke vare på. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse, vere i stand til å:

Kunnskap

  • definere det spesifikke ved antropologisk kunnskap og forklare korleis den vert tileigna
  • ta sjølvstendige faglege posisjonar og reflektere over dei mest sentrale omgrepa faget nyttar
  • ha oversikt over antropologisk feltmetode og oppdagingsprosedyrar

Ferdigheiter

  • kunne gjere greie for den antropologiske feltmetode og oppdagingsprosedyre
  • kunne reflektere over grunnleggjande etiske problemstillingar som antropologiske studiar aktualiserer i felt og i skrift
  • ta sjølvstendige faglege posisjonar og forhalde seg reflektert til dei mest sentrale antropologiske omgrepa faget nyttar

Generell kompetanse

  • gjere greie for det særeigne tilhøvet mellom observasjon, data og analyse i sosialantropologi
  • kunne nytte ulike teoretiske perspektiv på eit variert empirisk materiale
  • handtere uventa situasjonar og dilemma under forskingsprosessen

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Bachelor i sosialantropologi eller andre godkjende bachelorgrader med fordjuping i sosialantropologi
Studiepoengsreduksjon
SANT301
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosialantropologi.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar/seminar:

2-4 timar per veke

5-6 veker

20-24 timar totalt

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på minimum 80% av undervisinga.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig inneverande og dei 3 påfølgjande semestera.

Vurderingsformer

8 timar skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Kontinuasjonseksamen

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i begge semestre.

Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises til neste ordinære eksamen.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.