Velferd og ulikhet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- SOS113
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
SOS 113 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: velferd, ulikhet og livsløp. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Emnet vil gi ei innføring i nokre sentrale teoretiske tradisjonar og perspektiv på velferd og ulikskap. Klassiske bidrag vil bli brukt som utgangspunkt for diskusjon av verdigrunnlaget for velferdsstaten og den særeigne, norske modellen. Forholdet mellom velferdsstaten, familien og arbeidslivet vil være sentralt. Vidare vil emnet ta opp problemstillingar knytt til korleis klasse og kjønn og prosessar som globalisering og migrasjon gir nye utfordringar for dagens velferdsstatar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter avslutta emne kan studenten
- gjere greie for klassiske og moderne teoritradisjonar innanfor velferdsforskinga.
- gjere greie for korleis velferd, ulikhet og livsløp vert prega av forholdet mellom velferdsstaten, familien og arbeidslivet
- gjere greie for problemstillingar og faglige debatter om rammer og grunnlag for velferdsstaten sin virkemåte, nasjonalt og internasjonalt
- gjere greie for normative, sosiale og politiske føringar som ligg til grunn for "den norske velferdsmodellen"
- gjere greie for og drøfte sentrale grunnlagsproblem som er knytt til forståing av sosial ulikskap, fattigdom og velferd, marginalisering og avhengigheit i studiar av korleis samfunnet fordeler gode og byrder
Ferdigheiter
Etter avslutta emne kan studenten
- svare på velferdsrelaterte problemstillingar på ein analytisk og drøftande måte med grunnlag i vitskaplege tekster
- bruke ulike tilnærmingar og omgrep for å forstå og diskutere aktuelle spørsmål knytt til forholdet mellom velferdsstaten, familien og arbeidslivet
- skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar
Generell kompetanse
Etter avslutta emne har studenten
- forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
- forståing for kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debattert
- generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.