Innføring i spesialpedagogikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målsetjinga for emnet er å gje ei brei innføring i det spesialpedagogiske fagområdet og gje studentane kunnskap om og forståing for spesialpedagogikken sitt virkeområde i fortid og notid.

Emnet har som mål å gje studentane innsikt i spesialpedagogikken si forankring i samfunnet og korleis denne har endra seg i eit historisk perspektiv. Emnet skal gje studentane kunnskap om korleis synet på barnet har endra seg gjennom historia og korleis institusjonar har møtt born med funksjonshindringar i eit mangfoldig samfunn. Med utgangspunkt i forskingslitteratur knytt til spesialpedagogikk, barnehagen og grunnopplæringa vil emnet gje studentane innsikt i sentrale omgrep og etiske fordringar. Studentane vil få innsikt i lovverk og sentrale styringsdokument med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten..

  • har kunnskap om korleis samfunnet historisk sett har tilnærma seg barn og unge med funksjonshindringar i eit mangfoldig samfunn
  • har kjennskap til relevante konvensjonar, lovverk og styringsdokument knytt til arbeid med barn og unge med særskilde behov
  • har kunnskap om grunnleggande omgrep og etiske fordringar knytt til spesialpedagogikk

Ferdigheiter

Studenten ..

  • Kan identifisere fagområdet si historiske utvikling og eigenart
  • kan drøfte etiske problemstillingar knytt til barn og unge med funksjonshindringar i eit mangfoldig samfunn
  • kan gjennomføre litteratursøk og sette seg inn i faglitteratur med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet
  • kan gjere greie for sentrale omgrep knytt til spesialpedagogikk i fortid og notid

Generell kompetanse

Studenten ..

  • kan kritisk reflektere over faglege, danningsteoretiske og utdanningspolitiske spørsmål med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet.
  • kan formidle og kommunisere spesialpedagogiske problemstillingar på ein fagleg måte.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak på bachelor i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i innføringsveka er obligatorisk
  • Deltaking på seminargruppe er obligatorisk.
  •  

    Oppmøte på seminar og deltaking i innføringsveka må vere godkjent før studentar kan ta eksamen i emnet.

    Vurderingsformer
    Heimeeksamen over 5 dagar, 2500 ord +/- 10 %. 
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Haust og vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Programansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet