Profesjonstenkning - lovverk og etikk i teori og praksis
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SPED200
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er at det skal gje studentane føresetnader for å kunne reflektere kring yrkesrolla i eit profesjonsteoretisk perspektiv. Profesjonar og semi-profesjonar er yrker som utfører tenester, basert på teoretisk kunnskap, erverva gjennom en utdanning.
Ulike yrkesgrupper yter tenester til barn, unge og vaksne med ulike former for læringsutfordringar, både med tanke på kartlegging, diagnostisering, behandling, utforming av tiltak og evaluering av tiltak. Møte med barn og unge skal skje i høve til lover og retningslinjer som regulerer behandling og undervisning, følgjer prinsippa for evidensbasert praksis og skal halde ein høg yrkesetisk standard.
Studentane skal også få innsikt i dei ulike lovverka som regulerer feltet innafor utdanningssystemet og helsesektoren slik som Opplæringslova og Helselova, samt relevante styringsdokument. Gjennom emnet skal studentane få ytterlegare kjennskap til sentrale omgrep slik som spesialundervisning, tilpassa opplæring og inkludering. Dei skal og få innsikt i korleis individuelle opplæringsplanar (IOP) for elevar med rett til spesialundervisning kan bli utarbeida basert på forskingsbasert kunnskap. Gjennom emne skal studentane også få kjennskap til barn, unge og vaksne sine rettigheiter knytt til individuell plan (IP).
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten...
- Kan gjere greie for profesjonsteoretiske omgrep som profesjon, semi-profesjon, tillit og skjønn
- Kan gjere greie for yrkesetiske prinsipp for profesjonsutøving
- Har kunnskap om ulike hjelpetenester som skal støtte barn og elever med særskilte opplæringsbehov og rettigheiter heimla i lovverket
- Kan prinsippa for planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak basert på forskingsbasert praksis
- Kan gjere greie for ulike teoretiske modeller/perspektiv til bruk i praksis
- Kan gjere greie for strategiar som fremmer godt samarbeid med ulike aktørar
Ferdigheiter
Studenten...
- Kan vurdere gode kartlegginsprosedyrar i tråd med prinsippa for forskingsbasert praksis
- Kan anvende forskingsbasert kunnskap for å konkretisere tiltak knytt til praksisfeltet i samsvar med gjeldande lover og retningslinjer
- Kan gjennomføre observasjon av undervisning og opplæring i ulike kontekster
- Kan utforme intervjuguide og gjennomføre intervju på praksisstaden
Generell kompetanse
Studenten...
- Skal kunne drøfte profesjonen og semiprofesjonen sitt samfunnsmandat
- Skal kunne kritisk drøfte relevante yrkesetiske utfordringar
- Skal kunne drøfte yrkesutøving i eit individ- og systemperspektiv
- Skal kunne drøfte sentrale omgrep (til dømes tilpassa opplæring, spesialundervisning og inkludering) som blir uttrykt i lovverk og styringsdokument
- Skal kunne finne fram til og bruke relevant forskingslitteratur
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i førelesingar (9 x 2 timar) og seminarundervisning i mindre grupper. Seminarundervisninga legg vekt på gruppediskusjon. Det vert forventa at studentane møter førebudd til seminara.
Praksis på til saman 50 timer som inkluderer 25 timer observasjonspraksis i grunnskulen eller andre relevant institusjonar, samt for- og etterarbeid på campus.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske krav må være godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i tre semester (det semesteret ein gjennomfører aktivitetane og dei to påfølgjande semestera)
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande
evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.