Systemarbeid og kartlegging

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet vil gi innsikt i og forståing for ulike teoriar og prosessar knytt til system- og individ, samt korleis ein kan forebygge på individ-, gruppe- og samfunnsnivå i spesialpedagogisk arbeid. Emnet vil gi kunnskap om kva som kan kjenneteikne barn og unge med ulike føresetnader for læring, og kompetanse i korleis ein kan identifisere barn og unge med eller i risiko for å utvikle vanskar gjennom ulike kartleggingstilnærmingar. Gjennom arbeid med case skal studentane foreslå, utarbeide og reflektere over tiltak som tek vare på individet i fellesskapet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten..

  • har kunnskap om og kan reflektere over sentrale systemteoretiske perspektiv med relevans for spesialpedagogisk arbeid og utvikling i barnehage og skule
  • har kunnskap om ulike hjelpe- og støttetenester som er involvert i kartleggingsarbeid
  • har kunnskap om og kan reflektere over korleis system og individ påverkar kvarandre
  • har kunnskap om korleis førebygge på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
  • har kunnskap om det teoretiske og metodologiske grunnlaget for ulike kartleggingstilnærmingar og kan kritisk vurdere relevansen av desse i møte med barn og unge med ulike føresetnader for læring
  • har kunnskap om korleis vurdere og implementere ulike tiltak basert på ei tilnærming som tek vare på individet i eit fellesskap

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan analysere og kritisk vurdere korleis ulike systemteoretiske perspektiv kan være eigna for å ivareta individet i fellesskapet
  • kan analysere og kritisk vurdere ulike førebyggingsstrategiar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
  • kan analysere og kritisk vurdere ulike kartleggingstilnærmingar og kartleggingsmateriell
  • kan gjennom arbeid med case analysere og kritisk vurdere resultat frå kartlegging, samt foreslå, utarbeide og reflektere over tiltak som tek vare på individet i fellesskapet

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan løfte frem, analysere og diskutere sentrale spørsmål og dilemma med relevans for det spesialpedagogisk fagfeltet
  • kan kritisk vurdere fordeler og ulemper ved kartlegging som fenomen og metode

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust, annakvart år

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer

Emne kombinerer forelesingar, seminar, praktiske øvingsoppgåver og ulike former for digital samarbeidslæring.

Emne vil innehalde om lag:

  • 8x3 timar førelesning/seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emnet:
  • Deltaking på førelesingar/seminar
  • Skrive ein rapport basert på utprøving av eit valfritt kartleggingsverktøy
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein individuell munnleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F
Vurderingssemester
Haust, annankvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande vårsemesteret. 
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. Litteraturlista er på om lag 800 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet