Moderne teaterhistorie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- TEAT112
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gi ei grunnleggande innføring i moderne europeisk teaterhistorie frå slutten av 1700-talet og fram til nåtida.
Gjennom emnet skal studenten få kunnskapar om den moderne skodespelarkunsten si utvikling, regikunsten, teaterbygningane og scenografiens si funksjon i moderne teater. Studenten skal òg få forståing for dei samfunnsmessige kontekstane til moderne europeisk teater.
Gjennom emnet skal studenten få forståing for samanhengen mellom teater i fortid og nåtid.
Emnet inneheld òg ei innføring i teatervitskapeleg oppgåveskriving.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar om moderne teaterhistorie.
- gode kunnskapar om skodespelarkunst, scenografi, og regikunst i nyare europeisk teater.
- forståing for samanhengar og utviklingslinjer i moderne europeisk teaterhistorie
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- gi ei god skriftleg utgreiing om emne innan moderne europeisk teaterhistorie.
- skildre eit teaterfenomen i samtida i lyset av moderne teaterhistorie.
- Gi ein enkel utgreiing om eit avgrensa fenomen innanfor moderne skodespelarkunst, scenografi eller regikunst.
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- tileigne seg ny kunnskap gjennom studia av moderne teaterhistorie og teater i samtida.
- reflektere over samanhengen mellom teaterhistoria og teater i samtida.
- reflektere over estetiske, historiske og politiske aspektar ved samtidas teater.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.
Studentane skal i tillegg gjennomføre tre obligatoriske aktivitetar:
1) Delta på innføringskurs i oppgåveskriving.
2) Levere inn ei øvingsoppgåve.
3) Møte til rettleiing av øvingsoppgåve.
Vurderingsformer
7-dagars heimeeksamen og ein justerande munnleg eksamen.
Oppgåva skal vere på om lag 4 000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.