Teaterhistorie: Historiografi og forskingsmetoder
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- TEAT301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gjennom historiske djupstudium, innføring i teatervitskaplege forskingsmetodar og teaterhistoriografiske teoriar, gi studenten innsikt i og forståing av eldre og nyare teaterhistorie og teaterforsking.
Innføring i vitskapsteori skal bidra til ei djupare filosofisk-estetisk forståing av teater og gi metodiske og kritiske reiskapar for arbeidet med teaterhistoriske emne.
Emnet er obligatorisk i masterstudiet i teatervitskap.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- avanserte kunnskapar om utvalde felt innanfor teaterhistoria
- avanserte kunnskapar om teaterhistoriografiske teoriar og metodar
- god forståing for dei underliggande forskingsmetodiske problemstillingar i teatervitskapen
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- samanlikne og vurdere ulike teaterhistoriografiske standpunkt
- analysere ein teaterhistorisk tekst ut frå historiografiske perspektiv
- utøve teaterhistorisk kjeldekritikk
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- drøfte ulike måtar å framstille teaterhistoriske emnar
- bidra til teaterhistorieskrivinga
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Sju dagars heimeeksamen (om lag 5000 ord) med justerande munnleg prøve.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.