Teatervitskap: Prosjektskildring
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- TEAT302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I løpet av emnet skal studenten utvikle ei prosjektskildring for masteroppgåva.
Gjennom innføringsførelesingar, rettleiingsseminar og individuell rettleiing vert det formidla ei teatervitskapeleg forståing av prosjektskildring som akademisk sjanger og som eit verktøy i forskingsarbeidet.
Som grunnlag for prosjektskildringa skal studenten samle litteratur og kjeldemateriale om emnet sitt, slik at det er mogleg å gjere greie for emnet og formulere ein akademisk betraktningsmåte av dette.
Prosjektskildringa skal innehalde
- avgrensing av emne innanfor eit temafelt
- problemstilling
- skildring av vitskapeleg metode
- framlegg til disponering av masteroppgåva
- ein førebels oversikt over relevant litteratur og kjelder for masteroppgåva.
Prosjektskildringa skal syne at den planlagde masteroppgåva kan gjennomførast innanfor normert studietid, til dømes gjennom ein framdriftsplan.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- grunnleggjande kunnskap om eit avgrensa tematisk fagområde som skal handsamast i masteroppgåva
- ei klart formulert problemstilling for masteroppgåva
- kjennskap til relevant faglitteratur og kjelder for masteroppgåva
- god forståing for tydinga av problemstilling, vitskapeleg metode og disponering i samband med arbeidet med ei masteroppgåve
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- planleggje eit større sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
- vurdere nytteverdien til ulike teatervitskaplege metodar for eigen forsking
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- formulere eit tematisk og metodisk avgrensa forskingsprosjekt på masternivå
- tileigne seg ny kunnskap om teater og i samråd med fagfeller føreslå vitskapeleg handsaming av dette
- utforme ei prosjektskildring i tråd med akademiske normer
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret
Vurderingsformer
Skriftlge oppgåve i form av prosjektskildring på om lag 2000 ord (5-7 sider).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
I samråd med faglærer skal studenten finna fram til relevant faglitteratur og kjeldemateriale for den planlagde masteroppgåva. Litteraturlista kan omfatte både litteratur og kjeldemateriale som vert brukt direkte i prosjektskildringa og litteratur og kjelder som skal nyttast i samband med masteroppgåva. Litteraturlista til prosjektskildringa skal vera på minimum 2000 sider. Litteratur og kjelder knytt til prosjektskildringa kan seinare gå inn i litteraturlista til masteroppgåva.