Det visuelle språket
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- TVP102
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi studenten teoretiske perspektiv på, og praktiske øvingar med, dei levande bileta og lyden sine ekspressive eigenskapar. Emnet har tre modular.
Modul 1 er teoretisk, og gir ei innføring i dei mest vanlege filmspråklege konvensjonane, og korleis fortidas og notidas filmskaparar har brukt desse konvensjonane, og korleis filmspråket kan bli brukt til å skape audiovisuelle forteljingar. I delar av kurset, lærer studenten også om alternative filmtradisjonar, samt om estetikken i ulike typar tv-fiksjon. I tillegg skal studenten gjennom førelesingar og seminar få kunnskap om handverksmessige prinsipp og audiovisuelle verkemiddel.
Dei to andre modulane er praktisk retta:
Modul 2: består av tre øvingsoppgåver med tilhøyrande teknisk opplæring.
Modul 3: består av ein produksjon der studentane skal anvenda kunnskapen og ferdigheitene dei har tileigna seg i modul 2 i praksis.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om fortidas og notidas mest vanlege filmspråklege konvensjonar
- har kunnskap om alternative filmtradisjonar, og kan setje dei inn i relevante faglege samanhengar
- kan gjere greie for dei stilistiske konvensjonane som kjenneteiknar ulike typar film- og tv-fiksjon (situasjonskomedie, dramaseriar, skilnaden på einkamera- og fleirkameraproduksjonar)
Ferdigheiter:
Studenten
- har historisk og teoretisk kunnskap om ulike handverksmessige oppgåver og audiovisuelle verkemiddel, samt deira ekspressive potensial og formidlingsmessige funksjonar i film- og tv-produksjon
- skal gjennom praktiske øvingar og tilbakemeldingar frå fagleg stab kunne innlemme og utnytte dei akademiske perspektiva på mise-en-scene, kamerarørsler, kameravinklar, bildeutsnitt, dybdeskarpheit, aksebrot, produksjonsdesign, lyddesign, klipping og lyssetjing (i studio og utandørs) i eigen praksis
Generell kompetanse:
Studenten
- har innsikt i relevante teoretiske og praktiske problemstillingar innan fagområda dei levande bileta og lydens ekspressive eigenskapar
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor desse fagområda, og såleis bidra til å utvikle god praksis
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på teknisk opplæring i samband med øvingsoppgåver.
Tre praktiske øvingsoppgåver:
- Lydoppgåve
- Klippoppgåve
- Foto/lys-oppgåve
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatoriske krav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Eksamen består av to delar:
- Ein praktisk deleksamen: Ein gruppeproduksjon der studentane skal omsetja kunnskap og ferdigheiter innan lyd, klipp og foto/lys i praksis.
- Ein teoretisk/analytisk deleksamen: Analyse av filmspråkleg verkemiddel i fritt vald film eller tv-serie. Analysen kan leverast anten som skriftleg oppgåve (4500 ord, pluss/minus 10%) eller som videoessay (10-15 minutt, med voiceover).
Det vert nytta bokstavkarakterar (A-F) i vurderinga av både produksjonen og det skriftelege arbeidet, som tel høvesvis 60% og 40% ved utrekning av samla karakter.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.