Tysk 1a: Språk, kultur og framandspråksdidaktikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet skal bidra til å utvikle fagleg trygge og reflekterte tysklærarar som kan bruke forskingsbasert kunnskap i eigen praksis.

Gjennom studiet skal studenten utvikle forståing for sentrale språklege, kulturelle og språkdidaktiske problemstillingar. Dei fire kjerneelementa i læreplanen for framandspråk, Kommunikasjon, Interkulturell kompetanse, Fleirspråklegheit og språklæring og Språkteknologi og digitale ressursar, uttrykker kva som er det mest sentrale i tyskfaget i skolen. Kjerneelementa viser samstundes kva kunnskapar og ferdigheiter som trengst for å vere ein god tysklærar, og dei dannar dermed grunnlaget for oppbygginga av emnet. Emnet er praktisk orientert. Det legg særleg vekt på korleis studenten kan fremme god språkopplæring i tråd med læreplanen for framandspråk og teoretisk kunnskap som gir aktive, utforskande og kreative elevar.

Sentrale tema i studiet er:

  1. Tysk språk i eit kontrastivt perspektiv
  2. Språklæring
  3. Skriftleg og munnleg kommunikasjon
  4. Kulturuttrykk frå tyskspråklege område
  5. Bruk av språkteknologi og digitale ressursar
  6. Forskingsbasert planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har innsikt i tysk som dannings- og dugleiksfag
  • har kunnskap om tysk språk og kunne bruke relevante fagord til å beskrive og samanlikne tysk med norsk og andre språk elevane kan.
  • har kunnskap om sentrale tema innan tyskpråkleg kultur (medrekna daglegliv, tradisjonar, verdiar, kunstnariske og kulturelle uttrykk frå målspråksområda)
  • har innsikt i sentrale styringsdokument for tyskfaget
  • har innsikt i teoriar om framandspråklæring og kunnskap om relevante lærings- og kommunikasjonsstrategiar
  • har kritisk kunnskap om digitale og analoge læringsressursar for målgruppa

Dugleik:

Studenten

  • kan kommunisere med god uttale og intonasjon og nytte varierte språkstrukturar i munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • kan ta i bruk tysk som undervisningsspråk
  • kan ta i bruk forskingsbasert kunnskap for å planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanen for framandspråk
  • kan leggje til rette for ulike arbeidsmåtar som fremjar utforsking og kreativitet i framandspråkopplæringa
  • kan bruke digitale verkty i undervisninga og ha ei bevisst og kritisk haldning til desse
  • kan bruke læringsfremjande vurderingsformer

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere over og vidareutvikle eigen språkleg og interkulturell kompetanse
  • kan reflektere over, vurdere og vidareutvikle eigen praksis
  • kan bidra aktivt i arbeidet med innovasjonsprosessar i skolen
  • kan samhandle med andre i profesjonsgjennomføringa

Fulltid/deltid

Deltid (15 studiepoeng)

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Nettbasert
Krav til forkunnskapar

Fullført lærarutdanning og tilsetjing i skolen. Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning.

Studenten må ha forkunnskapar i tysk tilsvarande nivå II (tidlegare B-språk) frå vidaregåande skole, eller ha budd ein lengre periode i eit tyskspråkleg land.

Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon

TYS100: 5 stp

TYS105: 5 stp

TYS625: 5 stp

DIDATYS1: 5 stp

TYSDI101: 5 stp

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er nettbasert, og all undervisning og kommunikasjon går føre seg på den digitale læringsplattformen til studiet. Undervisninga går over tolv veker og inneheld tolv modular. Kvar modul har skriftlege og munnlege tekstar (filmar, podcastar) knytt til dei fire kjerneelementa i læreplanen for framandspråk. Studiet føreset aktiv munnleg og skriftleg deltaking på tysk og norsk frå studentane i form av blant anna diskusjonar i mindre grupper, prosjektbasert læring, og sjølvstudium. Kvar student får tilbod om ein tyskspråkleg tandempartnar for å fremme jamleg kontakt med tysk språk og kultur.

Studentane får jamleg undervegsvurdering frå lærarar og medstudentar knytt til oppgåver og deltaking i undervisninga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga føregår onsdagar.

Det er obligatorisk å vera til stades på minst 80 % av organiserte, nettbaserte undervisningsaktivitetar (førelesingar, grupper og prosjektarbeid).

Siste del av undervisninga onsdag er eit frivillig ekstratilbod for dei som ønsker meir språkleg trening.

Det er tre obligatoriske innleveringsoppgåver på emnet:

  1. Individuell innlevering med ein skriftleg (maks 1500 ord) og ein munnleg (maks fem minutt video) del
  2. Individuell, skriftleg innlevering (maks 1500 ord)
  3. Innlevering av gruppearbeid, med skriftleg refleksjon (maks 2000 ord)

Desse må vere godkjende innan to veker før endeleg vurdering. I tillegg har studentane tilbod om å utføre varierte, frivillige oppgåver kvar veke. Alle oppgåvene, både dei obligatoriske og dei frivillige, får undervegsvurdering.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurderinga er ei mappeinnlevering mot slutten av semesteret. Dei tre rettleidde, obligatoriske innleveringane gjennom kurset utgjer mappa. Nærare spesifikasjonar blir gitt på Mitt UiB.

Det blir gitt ein samla karakter på mappa.

Ved eksamen i det følgjande semesteret (midtsemestereksamen) leverer studenten som har oppfylt krava til obligatoriske undervisingsaktivitet i undervisningssemesteret omarbeidde mappeoppgåver utan vidare rettleiing.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Tilsvarande om lag 750 siders pensum, inkludert film, video, innspelt undervisning, og anna audiovisuelt materiale.

Litteraturlista er klar 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevaluering skjer i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarleg
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet