Masteroppgåve i undersøkande journalistikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- UJO350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
For masterprosjektet har ein to alternativ; eit praktisk-teoretisk arbeid, eller ei teoretisk masteroppgave.
Praktisk-teoretisk oppgåve
Dersom ein vel det praktisk-teoretiske alternativet vil masteroppgåva innehalde ein produksjonsdel og ein teoretisk del. I produksjonsdelen kan studentane velja enten å levera eit undersøkande journalistisk arbeid, åleine eller saman med andre, eller levera eit researchdokument basert på deltaking i andre sine graveprosjekt (til dømes produksjonsselskap eller eksterne redaksjonar). Produksjonen blir kombinert med ei skriftleg, individuell oppgåve på 50 sider som bør vere tematisk relatert til produksjonen, men som samstundes skal vere eit sjølvstendig teoretisk arbeid. Oppgåva skal innehalda ein teoretisk-analytisk tekst og ein refleksjonsrapport knytt til produksjonsdelen.
Teoretisk oppgave
Om ein vel det teoretiske alternativet, vil ein i 2.semester(UJO 304) utvikla eit reint teoretisk design.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- har avansert kunnskap innan fagområdet journalistikk og spesialisert innsikt i undersøkande journalistikk
- har inngåande kunnskap om fagområdets vitskaplege teoriar og metodar
- kan bruke kunnskapane og ferdigheitene til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar og ny fagkunnskap, og å bruke denne kunnskapen i sjølvstendig og kreativ undersøkande journalistikk eller i teoretisk-analytisk tilnærming til slik journalistikk
Dugleik:
Studenten
- kan identifisere og gjere nytte av relevante forskingsmetodar i praktisk retta produksjonar
- kan utvikle sin eigen prosjektplan i undersøkande journalistikk og gjennomføre sitt eige forskingsprosjekt
- har innsikter i eit bredt spekter av digitale og andre verktøy for datainnsamling og dataanalyse i undersøkande journalistikk
- har ferdigheiter i akademisk skriving og presentasjon
- kan reflektere over, og argumentere for, metodiske og etiske val i arbeidet med eit større prosjekt i undersøkande journalistikk
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og kan praktisere uttrykksformene i journalistikken, eller kan formidle omfattande innsikter i feltet teoretisk-analytisk
Generell kompetanse:
Studenten
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og kan praktisere uttrykksformene i journalistikken
- kan arbeide individuelt og i team
- kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar innan undersøkande journalistikk
- har demonstrerte ferdigheiter i akademisk skriving og presentasjon
- har vist løysingsfokusert innsikt i ulike dilemma og utfordringar som oppstår undervegs i større undersøkande prosjekt
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan levere masteroppgåva
Vurderingsformer
Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen.
Masteroppgåva består av:
- produksjonsdel
- refleksjonsrapport/teoretisk oppgåve - på til saman om lag 50 sider
eller
- ei teoretisk oppgåve på om lag 80 sider
Masteroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.