Historieforteljing i undersøkande journalistikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- UJO663
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Undersøkande journalistikk inneber gjerne innhenting av mengder med data, store innsyn og saksdokument. Korleis ein kan formidla dette arbeidet slik at journalistikken skapar engasjement og får konsekvensar står sentralt i kurset: korleis kan ein formidla det undersøkande arbeidet for at ein skal nå fram til publikum på best mogleg vis. Kurset har spesielt blikk for digitale forteljarformer og går også djupare inn i forteljingsmåtar som er spesielle for uttrykksformer som tekst, lyd og bilete.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:
Kunnskapar:
Studenten
- Kan forstå korleis journalistiske arbeid kan presenterast på best mulege, gitt ulike konkrete samanhengar
- Kan kritisk vurdera kva for forteljingsmåte og-form som vil vera mest tenleg i føreliggande graveprosjekt
- Har avansert kjennskap til relevante kritiske og historiske tilnærmingar til journalistiske forteljingsmåtar
Ferdigheiter:
- Kan formidla undersøkande journalistiske prosjekt på kreative måtar
Generell kompetanse:
- Kan bidra med formidlingsteknikkar og -former som på kreative vis i relevante redaksjonelle prosjekt
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår/haust
Undervisningsstad
Media City Bergen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Videreutdanningskurs. Opptak til emnet skjer gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
Samlingar, workshops, seminar, førelesingar, gruppearbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei deloppgåve under rettleiing undervegs i kurset. Nærare informasjon blir gitt ved kursstart.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Emneoppgåve. Oppgåva skal få fram korleis val forteljingsteknikkar, kan påverka formidling av graveprosjekt.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.