Basismodul i universitetspedagogikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- UPED620
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Modulen har som overordna mål å bidra til at Universitetet i Bergen reflekterer over lærings- og undervisingsspørsmål med utgangspunkt i forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap om læring og undervisning i høgare utdanning.
Modulen har tre grunnkomponentar:
1: Erfaringsbasert læring. Modulen tek utgangspunkt i deltakaranes eigne erfaringar som studentar og lærarar i høgare utdanning, og i dei ulike typar læringsaktivitetar deltakarane er med på i modulen.
2: Kritisk refleksjon. Deltakarane reflekterer over og analyserer læringsmiljø og undervising i høgare utdanning med hovedfokus på studentar si læring.
3: Kollegarettleiing i undervisningen. Deltakarane diskuterer, samarbeider og observerer kvarandres undervising som ledd i å være medlemmer av et bredt fellesskap av undervisarar ved universitetet.
Innhald: Oppfatningar om læring og undervising, studentfaktorar i læringsprosessen, studentaktive læringsformer, design av gode læringsmiljø, vurdering og evaluering, utdanningspolitiske dokument.
Læringsutbyte
Modulen tek utgangspunkt i deltakaranes eksisterande kunnskaper og ferdigheiter. Læringsutbytte blir difor uttrykt som Generell kompetanse. Ved modulens slutt skal deltakarane:
- kunne reflektere over og analysere korleis eigen undervisningspraksis medverkar til studentanes læring, i lys av forskings- og erfaringsbasert
kunnskap om læring og undervising i høgare utdanning.
- kunne utforme og kritisk vurdere kursdesign slik at det er samanheng mellom læringsutbyttebeskrivelsar, val av lærings- og undervisingsformer, og val av vurderingsformer.
- kunne bidra til at Universitetet i Bergen blir ein stadig betre utdanningsinstitusjon gjennom samarbeid, diskusjon og leiing av læringsfremjande tiltak.