Italiensk særemne
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ITAL306
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Italiensk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
- Studentane har utdjupa innsikt innanfor eit særemne i italiensk språk-, litteratur- eller kulturvitskap.
Ferdigheiter
- Studentane har opparbeidd seg god kjeldekritisk sans i omgang med forskingslitteratur.
- Studentane har trena seg i formidling av vitskaplege problemstillingar.
Generell kompetanse
- Studentane er i stand til å arbeide på sjølvstendig vis med forskingslitteratur, kjeldekritikk og vitskaplege problemstillingar.
- Studentane kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid.
- Studetentane kan vidareutvikle kunnskapane sine og har evna til å gjere bruk av dei i ein større samanheng.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Kurset blir vanlegvis gitt som eit lesekurs med tre rettleiingsmøte i semesteret. Under rettleiing skal studenten utarbeide ei pensumliste tilpassa emnet. Dersom det er relevant, kan også film inngå i pensum.
Det vert også halde jamlege oppgåveseminar for masterstudentane der studentane kan leggje fram prosjektskisser av masteroppgåva eller delar av det tilpassa pensumet.
Emnet er også ope for studentar som ikkje følgjer stadbunden campusundervisning. Rettleiing, presentasjonar o.a. vil derfor kunne finne stad på digitale plattformer ved behov.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må halde ein obligatorisk munnleg presentasjon på campus eller digitalt på om lag 20 minutt i løpet av semesteret. Emnet for presentasjonen blir fastsett i samråd med rettleiar og framføringa blir lagt til eit av oppgåveseminara for masterstudentane. Presentasjonen vert vurdert godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.