Informasjonsvitskap (master)

Datateknologi og digitalisering blir viktigare i offentlege og private verksemder, og er ofte ein føresetnad for innovasjon, konkurranseevne og et berekraftig samfunn. På masteren lærer du om korleis behandling av kunnskap, informasjon og data blir støtta av informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

Kva lærer du?

På masterprogrammet i informasjonsvitskap fordjupar du deg innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). IKT kan vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskinar, datanettverk og internett. I løpet av studiet lærer du meir om korleis behandling av kunnskap, informasjon og data blir støtta av IKT.  

Du kan studere fleire ulike område innan informasjonsvitskap, som for eksempel kunstig intelligens eller interaksjonen mellom menneske og maskin.  

Etter fullført utdanning i informasjonsvitskap har du ei djup forståing av grunnlaget for IKT og kan analysere teoretiske og praktiske problemstillingar. Du lærer å utvikle og tilpasse deg til eit fag i stadig endring. 

I tillegg lærer du å jobbe i tverrfaglege team. Enten du er mest interessert i utforming av datasystem, interaksjonsdesign eller programmering, kjem du til å jobbe saman med andre studentar på prosjektoppgåver.

Studiekvardag

Undervisninga og pensumlitteraturen er på både norsk og engelsk. Det er om lag åtte timar undervisning i veka, som blant anna består av forelesingar og praktiske øvingar. Forelesingane er i seminarform, med stor grad av samhandling mellom forelesaren og studentane.  

I ei vanleg undervisningsveke bruker du mest tid på oppgåver og gruppearbeid, i tillegg til sjølvstudium. Du kan velje å bli med i ei forskargruppe, og du har tilgang til lesesalplass i ein delt lesesal. 

Aktuelle masteroppgåvetema blir foreslått av forskingsgruppene. Ein rettleiar vil vere knytt til oppgåva di frå starten av. Masteroppgåver kan vere knytt til ein næringspartnar, og då vil det ofte vere delt rettleiingsansvar mellom ein ekstern og ein intern rettleiar. 

Kva kan du jobbe som?

Det er behov for IKT-kompetanse i alle sektorar og dei fleste bransjar. Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen, eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder.  

Arbeidsoppgåvene dine i arbeidslivet kan bestå av 

  • utvikling og evaluering av nye informasjonssystem 
  • opplæring og brukarstøtte 
  • vedlikehald av eksisterande system 
  • planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd kan nytte IKT på best mogleg vis 
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle

dei generelle opptakskrava for master på UiB
dei spesielle opptakskrava for dette studiet

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i informasjonsvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.   

1. semester 

Valemne (15 studiepoeng)

Valemne (15 studiepoeng)

2. semester 

Valemne (15 studiepoeng)

Valemne (15 studiepoeng)

3. og 4. semester 

INFO390 – Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Utveksling

Utveksling er mogleg i første semester, men merk at UIB sin søknadsfrist for utveksling er 1. februar, altså før du begynner på mastergraden. Ta kontakt med studierettleiar dersom du ønsker å dra på utveksling.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Du kan ta doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder@ifi.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i informasjonsvitenskap