Etikk i kunstig intelligens
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- AIKI210
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Ein student som har fullført kurset skal ha oppnådd desse læringsmåla, definert gjennom oppnådd kunnskap, ferdigheiter og allmenn kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten kan
- Identifisera og beskrive omgrepa skeivheit, tillit, rettferd, forklaring, likskap og myndeggjering i samband med kunstig intelligens.
- Kan skilje mellom delområde av KI- etikk, utfordringane dei handlar om, og deira tilknyting til samfunnsvitskap og humaniora.
- Er kjend med nasjonale og internasjonale retningsliner for ansvarleg bruk av KI.
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- Evaluere om bruken av algoritmar i eit KI-system er ansvarleg.
- Vurdere dei moglege samfunnsmessige og personlege verknadene av eit KI-system.
- Nytte reiskap for å gje forklåringar av KI-algoritmar.
- Nytte reiskap for å vurdere skeivheit i datasett og KI-algoritmar.
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- Forstå og kommunisere dei etiske og sosiale konsekvensane av KI til eit generelt publikum.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Kurset er ope for studentar med studierett ved UiB. Kurset har 60 plassar. Studentar som har kurset som ein obligatorisk del av deira studieprogram (det vil seie studentar i BASV-AIKI) vil ha første prioritet. Studentar ved dei følgjande studieprogramma har andre prioritet: BASV-INFO, BASV-IKT, BASV-KOGNI, BASV-MIX, bachelorprogram ved Institutt for informatikk, og bachelorprogram ved Institutt for matematikk.
Studentar i andre program vil ha tredje prioritet.
Søknadsfrist: onsdag i veke 33.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Vurderinga har to deler:
- Skriftleg eksamen (80%)
- Individuell oppgåve (20%)
Begge delane av vurderinga må bli godkjent i same semester.
Karakterar for kvar del av vurderinga blir publisert i Studentweb.
Eksamensoppgåvene blir gitt i det språket som blir nytta i undervisninga. Kandidatane må gje eksamenssvara på same språk som oppgåvene.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:
Avbrot under eksamen
Stryk/ikkje bestått
Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.