Allmenn litteraturvitskap: Litteraturvitskapleg fordjupingsemne I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- ALLV201
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Delar av undervisninga blir gitt på engelsk om hausten.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir studenten fordjupande innsikt i ei retning, eit forfatterskap eller eit problemområde. Gjennom studiet får studenten ei grundig forståing for eit avgrensa felt i allmenn litteraturvitskap. Instituttet tilbyr kvart semester undervising i minst eitt fordjupingstema. Tema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.
Tema for hausten er "Estetikk og litteraturteori". Emneansvarlige er Anders K. Strand og Wolfgang Hottner.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten har
- grundige kunnskapar om eit avgrensa felt eller emne innanfor ei retning, eit forfattarskap eller eit problemområde
Ferdigheiter
Studenten kan
- vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare litteraturvitskaplege problemstillingar
- demonstrere ferdigheiter i å analysere verk og litteraturteori, samt posisjonere forskingslitteraturen litteraturvitskapleg
- evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid
Generell kompetanse
Studenten kan
- aktualisere og problematisere ei retning, eit forfattarskap eller eit problemområde slik at det kan komme til nytte i ulike faglege samanhengar
- demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
4 dagars heimeeksamen med eit omfang på ca. 2500 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12, linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum omfattar ca. åtte verk. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk. Dei litterære verka skal om mogleg lesast på originalspråket.
Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melde instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar vert publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.