Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ALLV302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.
ALLV302 omfattar sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor moderne litteraturvitskap og vil såleis danne grunnlag for sjølvstendig arbeid med litteraturfaglege spørsmål.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten
- har brei og inngåande kjennskap til litteraturfaglig teori, fortolking og metode
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan diskutere teorigrunnlaget i ein fagtekst
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan arbeide kritisk og systematisk med sentrale problemstillingar innanfor litteraturfaget.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på inntil 30 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
ALLV302 blir vurdert på basis av ein sju dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt emne (12 sider eller 4000 ord). Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12 og linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.