Grunnkurs i moderne standardarabisk I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ARA111
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi grunnopplæring i moderne standardarabisk. I tillegg gir emnet oversyn over tidleg arabisk litteraturhistorie.
Studentane vidareutviklar uttale og lese- og skriveferdigheiter. Dei lærer grunntrekka i moderne arabisk grammatikk, og vidareutviklar evne i å kommunisere på arabisk om daglegdagse tema. Studentane begynner å utvikle strategiar for å kjenne att lingvistiske mønster, uttrykk og setningar.
Emnet byggjer på ARA100, og er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk. Emnet ARA111 skal formidle forståing for arabisk morfologi, syntaks og arabisk kultur og samfunn.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Studenten har eit ordforråd på ca. 800 ord.
- Studenten har utvida kunnskap om arabisk grammatikk.
Ferdigheiter
- Studenten kan lese og omsetje nivåtilpassa arabiske tekstar.
- Studenten kan omsetje enkle nivåtilpassa tekstar frå norsk til arabisk.
- Studenten kan kommunisere om enkle og nære tema i tilpassa situasjonar på moderne standard arabisk (MSA).
- Studentane kan trekke ut informasjon frå ukjende tekstar og munnleg kommunikasjon i tema som er relatert til dagligliv, studie, reise, etc.
Generell kompetanse
- Studenten har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på begynnarnivå.
- Studenten har kjennskap til daglegliv, skikkar, sedvanar og andre kulturrelaterte tema.
- Studenten har kjennskap til tidleg utvikling av arabisk litteratur.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir normalt gitt seks dobbeltimar førelesing i veka i seks veker. Til saman vil talet på kontakttimar vere om lag 72.
Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til læreboka og digitale kjelder. Det blir forventa at studentane brukar ca. 2-4 timar per dag på sjølvstudium.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal levere to øvingsoppgåver knytt til leksjonane i læreboka. Det er også krav om å gjennomføre ei munnleg prøve. Denne vert også vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per skriftlege oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjent ved fyrste innlevering. Då har studenten 48 timar på seg til å levere inn sitt andre forsøk. Studenten får berre eit forsøk til å ta den munnlege prøva.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.