Havforsking

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette er eit breitt kurs i moderne havforsking, med hovudvekt på fiskeri- og marinbiologiske metodar. Kurset inneheld modular med biologisk oseanografi, fiskeriøkologi, tokt med forskingsfartøy, teori og observasjonsmetodikk i felt, og opplæring i tolking av modellar og analyse av feltdata.

Emnet består av tre modular:

  • Modul 1 - Biologisk oseanografi (teoretisk)
  • Modul 2 - Marinøkologiske feltmetodar (praktisk)
  • Modul 3 - Fiskeriøkologi (teoretisk)

Dei teoretiske kursmodulane (Modul 1 og 3) gir ei innføring i biologisk oseanografi, grunnlaget for produksjon i havet og introduksjon til utvalde marine økosystem og modellar.

I den praktiske kursmodulen (Modul 2) vil feltkurs med forskingsfartøy i Nordsjøen og i fjordane på Vestlandet gje innføring i planlegging av forskingsprosjekt. Prøvetaking og opparbeiding av marine feltdata, samt data-analyse og modellering, vil gi opplæring i sentrale forskingsmetodar for studiar av mengdemåling og observasjon av marine artar. Innan feltdesign vil det bli gjennomgått ulike teknikkar, føremål og døme på innsamling av marine data og akustisk observasjonsmetodikk, samt styrker og svakheiter til desse.

Feltdesign inkluderer måtar å samle inn typiske havforskings- og miljødata: survey, akustikk, tidsseriar, ROV, i tillegg til prosess- og kartleggingsstudiar. Koplinga mellom survey og akustikk inngår også i emnet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha oppnådd fylgjande læringsutbyte:
  • forstå modellverktøy for å studere drivkreftene for produksjon i havet
  • forstå korleis fysiske og kjemiske prosessar, samt romlege strukturar, påverkar biologiske interaksjonar og utbreiing av organismar
  • kunne planlegge og gjennomføre feltarbeid med utgangspunkt i forskingsspørsmål
  • ha grunnleggjande kjennskap til dei vanlegaste metodane for innsamling av feltdata innan moderne havforsking
  • kunne forklare og vurdere prinsippa bak dei ulike metodane for innsamling og opparbeiding av feltdata, samt styrkar og svakheiter ved desse
  • kunne opparbeide, registrere, bearbeide, grafisk framstille, og analysere statistisk innsamla feltdata og tolke resultat
  • kunne kommunisere vitskaplege funn frå feltstudiar med presentasjonar og skriving av vitskapleg rapport
  • ha kjennskap til grunnleggjande effektar av fiskeri og hausting av marine biologiske ressursar
  • forstå og vurdere uvisse i estimat, innsamling av data og modellar og kva dette betyr for rådgjeving
  • ha lært å arbeide og fungere i team om bord i forskingsskip og gjennomføre feltarbeid på ein trygg måte

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veke 34.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen (studie.bio@uib.no). Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen og eit forskningstokt til Vestlandsfjordane og Nordsjøen.
Krav til forkunnskapar
Bachelor i biologi, eller tilsvarande studieprogram.
Tilrådde forkunnskapar
Bachelor i biologi, samt grunnkurs i matematikk og statistikk og kjennskap til bruk av rekneark av type Excel, og statistikkprogram av type R eller liknande. Dei obligatoriske emna BIO300A Akademisk skriving (5 sp) og BIO300B Biostatistikk (5 sp) vert undervist og må fylgjast same semester (haust). Forkunnskapar i oseanografi, marin samfunnsøkologi (for eks. BIO212) og/eller marin bentisk fauna (for eks. BIO2XX) er ein fordel.
Studiepoengsreduksjon
None
Krav til studierett
Emnet er hovudsakleg open for studentar på masterprogrammet i biologi, spesialisering i Marinbiologi og i Fiskeribiologi og forvalting. Kvar modul kan likevel bli tatt som spesialpensum av masterstudentar på andre program/studieretningar, så lenge dei oppfyller forkunnskapskrava i emnet. Merk at Modul 2 - Marinøkologiske feltmetodar har avgrensa kapasitet til 20 studentar.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet består av tre modular:

  • Modul 2 - Biologisk oseanografi (teoretisk)
  • Modul 3 - Marinøkologiske feltmetodar (praktisk)
  • Modul 4 - Fiskeriøkologi (teoretisk)

Teoretiske modular (Modul 1 og 3): forelesingar og gruppeaktivitetar føregår frå veke 34 til og med veke 47.

Praktiske modular (Modul 2): feltkurs på forskningsfartøy i september/oktober - éi veke på prosessstudier i fjordar på Vestlandet og éi veke på eit forskingstokt i Nordsjøen. Undervising ombord på forskningsfartøyet og tildelt kursarbeid før og etter.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Innlevering av skriftlege oppgåver.
  • Deltaking på forskingstokt.
  • Deltaking i forelesingar, labkurs.
  • Studenteigenandel for deltaking i felt- og toktaktivitetar:

    Studentar på emne som reiser på felt- og toktaktivitetar med overnatting skal sjølv dekke utgifter til mat og drikke under opphaldet. Av omsyn til reglar og krav for handsaming av mat og hygiene blir det kjøpt inn mat på/frå dei ulike overnattingsstadene, og ein kan ikke ta med eigen mat. Institutt for biovitenskap står difor for bestilling av mat for alle. Studentar betalar ein sum på kr. 100 per døgn for dette. Samla eigenandel blir maks kr. 1 500.

    Vurderingsformer

    Mappeevaluering som dekker tre modular (maks. oppnåelege poeng: 300):

    • Modul 1 - Biologisk oseanografi (teoretisk): fleirvalsprøve (maks. 60 poeng)
    • Modul 2 - Marinøkologiske feltmetodar (praktisk): semesteroppgåve/feltrapport, deltaking på forskingstokt, datalab (maks. 140 poeng)
    • Modul 3 - Fiskeriøkologi (teoretisk): munnleg eksamen (maks. 100 poeng)

    Når alle modular er gjennomførte, vil endeleg karakter i emnet bli basert på prosenten av dei 300 poenga studenten har oppnådd.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F, der A er den beste karakteren og F er stryk/ikkje bestått.
    Vurderingssemester
    Det er kun gjennomføring av mappeevaluering i semester med undervising; haustsemesteret.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Emneevalueringar finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging og kvaliteten til emnet.
    Emneansvarleg
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.