Kurs i forsøksdyrlære, laboratoriedyr, teori, funksjon A, B og D

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Hovudmålet med kurset er å sikre etisk og human handtering av forsøksdyr, trening i eksperimentdesign som involverar dyr, og innsamling av informative, objektive og reproduserbare data frå gjennomførte dyreforsøk.

Det teoretiske kurset dekkar dei følgande artsgruppene av forsøksdyr når dei nyttast som modellorganismar i biomedisinsk forsking: Gnagarar, svin og modellfisk (t.d sebrafisk, medaka).

Emnet er naudsynt, i medhald av lovgivinga, for personell som planlegg og/eller utførar dyreforsøk i Noreg, og er i samsvar med krava for utdanning og opplæring fastsatt i Forskrift om bruk av dyr i forsøk § 24 og Vedlegg E (samsvarande med artikkel 23 og vedlegg 5 i EU-direktiv 2010/63). Emnet oppfyllar krava til teoretisk opplæring for funksjon A, B og D i medhald til EU-kommisjonen sitt rammeverk for utdanning og opplæring (http://ec.europa.eu/environment/chemicals/lab_animals/pdf/guidance/education_training/en.pdf)

Merk: For å utføre prosedyrar på dyr (funksjonane A og D) må studenten i tillegg fullføre praktisk opplæring for funksjonane A og D, i samsvar med krava gitt av kurskomiteen. Praktiske opplæringsmodular vert tilboden som separate kurs hjå dei samarbeidande universiteta i CAREIN-samarbeidet.

Emnet dekkar dei teoretiske modulane naudsynt for funksjonane A, B og D for dei overnemnde artsgruppene. Spesifikt dekkar emnet alle dei følgande teoretiske modulane:

Kjernemodular (Funksjon A, B, D):

1. Nasjonal lovgjeving

2. Etikk, dyrevelferd og dei tre R'ane (replacement, reduction, refinement), nivå 1

3.1 Basal og spesifikk biologi

4. Artsspesifikt dyrestell, -helse og-håndtering

5. Gjenkjenning av smerte, liding og kvalar (inkludert alvorsvurdering og humane sluttpunkt)

6.1 Humane avlivingsmetodar

Funksjonsspesifikke modular for funksjonane A og B

7. Minimalt invasive prosedyrar utan anestesi

10. Design av prosedyrar og prosjekt (nivå 1)

11. Design av prosedyrar og prosjekt (nivå 2)

Oppgåvespesifikke modular

20. Anestesi for mindre prosedyrar

21. Avansert anestesi for kirurgiske eller langvarige prosedyrar

22. Kirurgiske prinsipp

Læringsutbyte

Læringsutbytet for kvar modul av emnet er i medhald av læringsutbyte satt av EU-kommisjonens rammeverk for utdanning og opplæring (http://ec.europa.eu/environment/chemicals/lab_animals/pdf/guidance/education_training/en.pdf).

Etter fullført emne har studenten følgande kunnskapar, ferdigheitar og generelle kompetansar:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere greie for nasjonal og internasjonal lovgjeving som regulerar forsking på dyr
  • forstå nøkkelrollane og ansvaret til personell som er involvert i forsking på dyr
  • identifisere og forstå etiske og velferdsmessige problemstillingar som følger av bruk av dyr til forsking
  • skildre og drøfte prinsippa bak dei tre R'ane og føreslå korleis desse kan implementerast i ein konkret prosjektskildring
  • detaljere biologi (anatomi, fysiologi, genetikk og åtferd) for relevante modelldyr
  • gjere greie for korrekt handtering og dyrehaldspraksis for relevante modelldyr
  • gjenkjenne og skildre prinsippa for smerte, smertehandtering, humane endepunkt og human avliving av relevante modelldyr
  • identifisere mogleg menneskeleg helserisiko knytta til dyrestudiar og skildre passande beskyttelsestiltak
  • gjere greie for vanlege artsspesifikke eksperimentmetodar
  • identifisere og forklare nøkkelfaktorar for hensiktsmessig planlegging og design av dyreforsøk
  • beskrive og forstå prinsippa for anestesi og analgesi
  • beskrive og forstå dei grunnleggande kirurgiske prinsippa

Ferdigheitar

Studenten kan...

  • vurdere bruken av, og sette i verk, alternativ og supplement til dyreforsøk
  • gjere kvalifiserte vurderingar av, og respondere hensiktsmessig, på etiske og dyrevelferdsmessige problemstillingar
  • har proaktive og medvitne haldningar til faktorar som kan påverke utfallet av eit dyreforsøk
  • gjere kvalfisierte vurderingar knytta til bruk av analgesi, anestesi, humane sluttpunkt og avliving
  • har medvitne haldningar til å førebygge menneskeleg helserisiko

Generelle kompetansar

Studenten kan...

  • planleggje og leie dyrestudiar
  • utføre prosedyrar på dyr under rettleiing

Studiepoeng, omfang

8

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Kurset er nettbasert (i Canvas/Mitt UiB).
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande innan biologi, fysiologi, livsvitskap, biomedisin eller andre relevante fagområde.
Studiepoengsreduksjon

LAS301 - 6 studiepoeng

LAS302 - 2 studiepoeng

CAREIN-B - 8 studiepoeng

CAREIN601-A - 8 studiepoeng

CAREIN601-B - 8 studiepoeng

Krav til studierett
Det er eige opptak til emnet via Søknadsweb
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er nettbasert og nyttar Canvas/Mitt UiB som læringsplattform. Undervisinga består av sjølvstudium (førehandsinnspelte e-førelesingar, videoar, skriftleg materiale og sjølvtestar), saman med digital nettundervising i sanntid (førelesingar, spørsmål-og-svar sesjonar og gruppearbeid).

Antatt naudsynt tid for sjølvstudier er 3-4 veker. Nettbasert sanntidsundervising gis over ein periode på rundt ei veke. Den antatte tidsbruken til sjølvstudier er eit anslag som vil variere med studentens forkunnskapar, særleg innan biologi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Individuelle sjølvstudieoppgåver og testar innanfor gitte fristar
  • Deltaking i nettbasert sanntidsundervising (min. 80 % deltaking).
  • 45 minutters lærarovervåka flervalgstest (MCQ) i Canvas/Mitt UiB
  • Aktivitetane må godkjennast for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

    Undervisinga i CAREIN går føre seg integrert og sekvensielt, og skal gje studentane ein heilskapleg og naudsynt opplæring i dyreforsøk. Derfor krevjast det at dei obligatoriske undervisingsaktivitetane gjennomførast samla innanfor kvart kurs. Kvar aktivitet er einskild ikkje gyldig utover det enkelte kurs, medan samla gjennomført undervising (alle aktivitetane) er gyldig i undervisingssemesteret og det påfølgande semesteret.

    Vurderingsformer

    Heimeeksamen beståande av 6-8 oppgåver (med underoppgåver).

    Tre vekers innleveringsfrist.

    Eksamen dekker alle modular og læringsaktivitetar i emnet. Føremålet med eksamen er å teste studentanes evne til å reflektere, kombinere og bruke deira kunnskap til å planleggje og gjennomføre dyreforsøk i medhald av lovgivinga og etiske standardar.

    Karakterskala
    Bestått/ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust og vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil være klar 1. august for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret for begge gjennomføringer i det aktuelle semesteret.
    Emneevaluering
    Emnet evaluerast kvart tredje år, i medhald av UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Alle hjelpemiddel tillete på heimeksamen.
    Programansvarleg
    Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1
    Emneansvarleg

    Siri Knudsen - UiT

    Siv Eggen - NTNU

    Aurora Brønstad - UiB

    Henrik Rasmussen, Knut Tomas Dalen, Cathrine Elisabeth Fagernes, Gro Flatekval (UiO)

    Kurskomitéen for CAREIN består av faglege representantar fra institusjonar som samarbeidar i konsortiet - UiT, NTNU, UiB og UiO.

    Administrativt ansvarleg
    Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet har ansvar for emnet.