CCBIO seminar og symposium
Ph.d.-kurs
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- CCBIO902
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Kursinnhald
Seminarserien til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) vil gje ein oversikt og djupare innsikt inn i forskingsfelta til biomarkørar for kreft. Både medlemmar fra CCBIO og inviterte lokale, nasjonale og internasjonale foredragshaldarar vil forelesa på seminarserien.
Seminarserien består av månadlege seminar og inkluderer også det årlige CCBIO symposiet på Solstrand.
Emnet har som mål å gje studentar, ph.d.-kandidatar, postdoktorar og forskarar innafor CCBIO, ein oversikt over ulike disiplinar innafor biovitskap. Ph.d.-kandidatane vert trena i å lytte til, tolke, reflektere over og gjengi vitskapelege presentasjonar på engelsk, og får trening i vitskapleg skriving.
Seminarprogrammet finn du her:
http://www.uib.no/biomedisin/en/resources/conferences-and-seminars/bbb-seminars
Læringsutbyte
Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten:
Kunnskapar
- Kjenne til og kunne nytte fagomgrep innanfor ei breidde av dei biovitskapelege områda som er relevante for CCBIO.
- Kjenne til og vurdere ulike aspekt av "state-of-the-art" forskingspraksis som fører fram til nye vitskapelege erkjenningar.
Ferdigheiter
- Gje ei sjølvstendig vurdering av vitskapelege føredrag og formulere svært gode rapportar.
- Framvise forbetra skriftleg framstillingsevne basert på innspel frå /diskusjonar med fagpersonar.
- Handtere komplekse faglige spørsmål og utfordre etablert kunnskap og praksis på fagområdet.
- Utvikle eigen presentasjonsteknikk.
Generell kompetanse
- Identifisere og definere eit framtidig forskingsfelt for seinare studiar basert på ein utvida vitskapeleg horisont.
- Kunne formidle og utføre sjølvstendig vitskaplig forsking gjennom anerkjente nasjonale- og internasjonale fora.
- Kunne delta i debatter innafor fagområdet i internasjonale fora.
Undervisingsperiode
Studiepoeng
Undervisingsstad
Undervisingsspråk
Påmelding og -fristar
Krav til forkunnskapar
Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak på Forskarlinja.
Tilrådde forkunnskapar
Inngår i opplæringsdel
Vurderingsform
For å stå i emnet, må kandidaten
- Delta på informasjonsmøta.
- Delta på minimum 10 seminar over to semester (oppmøte blir registrert).
- Delta på to-dagers CCBIO symposium.
- Levere éin rapport kvart semester. Rapportane må følgje retningslinjene som deles ut ved kursstart. Rapporten skal vere på 2-3 sider og skrivast på engelsk. Studentane vert innkalla til ei obligatorisk gjennomgang av dei korrigerte rapportane med kurskoordinator på slutten av andre semester. Emneansvarleg nyttar eit eige skjema i vurdering av rapportane.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått.
Fagleg overlapp
Kven kan delta
Utfyllande kursomtale
Undervisnings metode:
- Obligatoriske informasjonsmøter for alle deltakarane.
- Månadlege seminar ( Obligatorisk oppmøte på 10 seminar over 2 semester).
- Årleg 2-dagars CCBIO konferanse (Solstrand).
Ein til ein møte med kurskoordinator for gjennomgåing av rapportane.
Program
95 timar totalt