Innføring i programmering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev innføring i programmering. Studentane skal læra å skriva enkle program og forstå grunnleggjande omgrep i eit moderne programmeringsspråk, blant anna variable, tal- og tekst-operasjonar, val- og løkkestrukturar, funksjonar, iterasjon, samlingsstrukturar, filer, klassar og elementære prinsipp for objekt-orientering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innan programmering og korleis desse vert realisert i eit moderne programmeringsspråk.
  • har kjennskap til datamaskinen sin virkemåte, eksekvering og datalagring.

Ferdigheit

Studenten

  • har erfaring med bruk av programmeringsomgrep og programmeringskonstruksjonar.
  • har erfaring med verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program.
  • kan utforme enkle program som handterer ulike type data.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
  • DIGI111 (2,5 sp)
  • INF100 (10 sp)
  • INF109 (10 sp)
  • MIX101 (10 sp)
  • INFO132 (10 sp)
  • INF620 (5 sp)
  • INF621 (5 sp)
  • Krav til studierett
    Ope for studentar med studierett ved UiB.
    Arbeids- og undervisningsformer
    Forelesingar, lab-øvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 4 timar data-lab i 14-16 veker).
    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    1 innlevering som må godkjennast.

    Oppgåvene er gyldige i fire semester etter det semesteret dei har vorte godkjende. Gyldige obligatoriske arbeidskrav er ekvivalente med obligatoriske arbeidskrav på INFO132.

    Vurderingsformer

    4 timar skriftleg eksamen.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

    Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

    Karakterskala
    Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
    Vurderingssemester

    Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

    Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

    • Legeattest/gyldig fravær
    • Avbrudd under eksamen
    • Stryk/ikke bestått

    Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

    Studentar på bachelorprogrammet i informasjonsvitskap, medie- og interaksjonsdesign, eller årsstudiet i informasjonsvitskap som har gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet frå DATA110 kan ta ordinær eksamen i INFO132.

    Avgrensninga i talet på vurderingsforsøk (UiBs studieforskrift §8-1(1)) gjeld samla for emna DATA110 og INFO132.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.  
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    ingen
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.