Engelskdidaktikk 1
Årsstudium
- Studiepoeng
- 7.5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- DIDAENG1
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Fagdidaktikk i engelsk inngår som ein del av universitetet si engelsklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i engelsk hjå elevane og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.
Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere engelskfagleg kunnskap til det å vere engelsklærar. Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eiga språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæring hjå elevane.
Studiet er organisert slik at ein har noko undervisning på tvers av språkfaga for å streke under ein felles kunnskapsteoretisk samanheng for alle språk- og kulturfaga og med tanke på felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.
Studiet er sett saman av fire målområde som inngår i begge modulane:
- Faget sitt potensial og utvikling
- Teoriar om kommunikasjon, kultur og sjanger
- Planlegging av undervisning og tilrettelegging for læring
- Rettleiing og vurdering
Læringsutbyte
Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i engelsk.
Kunnskapar
Kandidaten
- har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
- har innsikt i engelsk som dannings- og ferdigheitsfag
- har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
- har kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i engelsk
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planleggje, gjennomføre og reflektere over engelskundervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
- kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til læreplanen for faget og kan grunngi val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori
- kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i ulike aspekt av engelskfaget
- kan vurdere elevane sitt læringsutbyte og legge til rette for elevar si vurdering av eiga læring
- kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan reflektere over eigen og andre sin skolepraksis i lys av kunnskap innanfor dei engelskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk)
- har utvikla innsikt i engelskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv
- kan reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i engelsk, irekna den digitale kompetansen
- kan undersøkje og drøfte engelsklæring i lys av kunnskap innanfor dei engelskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og teoriar om innovasjon, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Om lag 24 timar undervisning fordelt på førelesingar og seminar, av desse er om lag 4 timar fellesundervisning i språkdidaktikk.
Rettleiing og skolebesøk.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen i DIDAENG1 må studentane ha gjennomført 3 obligatoriske aktiviteter innan fastsette tidsfristar.
Dei obligatoriske oppgåvene er:
- det er 80% oppmøte til undervisinga
- leggje inn eit førsteutkast til mappetekst (om lag 800 ord) i Mitt UiB
- gi tilbakemelding på ein medstudent sitt førsteukast til mappetekst
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til læringsmåla i faget. Av desse er eit utval felles for språkfaga.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.