Fagdidaktikk i norsk som andrespråk for PPU 2
Årsstudium
- Studiepoeng
- 7.5
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- DIDANORAN2
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukt i nokon grad.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Fagdidaktikk i norsk som andrespråk inngår som ein del av universitetet si norsklærarutdanning.
Emnet skal utdjupe kunnskapen i norsk andrespråksdidaktikk for studentar med norsk som andrespråk som undervisningsfag i den praktisk-pedagogiske utdanninga. I emnet legg ein særleg vekt på:
1) Norsk som andrespråk som danningsfag og reiskapsfag
2) Læringsgang og tilpassa opplæring
3) Lesing, tekst og kultur i eit andrespråksperspektiv
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om eit breitt register av strategiar for å fremje språkkompetansen og kulturkompetansen hjå elevar med norsk som andrespråk
- har inngåande norskdidaktisk kunnskap med særleg vekt på ungdomstrinnet
- har god kunnskap om læreplanar og kan grunngje målsetnader i faget i eit kultur- og danningsperspektiv
- har brei innsikt i leseprosessar og om korleis elevar med norsk som andrespåk kan tileigne seg kunnskapar om litteratur og tekst
- har inngåande innsikt i læringsteoriar knytt til tospråklegheit, mellomspråk og samanhengar mellom kulturbakgrunn og tekstkompetanse
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre, reflektere og vurdere eiga undervisning
- kan reflektere kritisk korleis tospråklegheit og ulike forhold til skriftkultur i ei fleirkulturell elevgruppe kan påverke arbeid i norskfaget
- kan leggje til rette for varierte læringsprosessar og skape eit motiverande og inkluderande læringsmiljø
- kan vurdere lærebøker og andre læremiddel i norsk som andrespråk
- kan fremje lesekompetanse gjennom reflektert bruk av ulike litterære tekstar og tekstmodalitetar
- kan gi læringsfremjande rettleiing og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle norsk som andrespråksproblemstillingar på eit avansert nivå
- kan reflektere kritisk over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål
- kan ut frå eit sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse og skulen som kollegium og organisasjon
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsforma er primært førelesingar i emnet.
Emnet skal vere kopla til praksis i norskfaget i skulen.
Det er forventa at studentane er til stades på det meste av undervisninga og arbeider aktivt med lærestoffet. Organiseringa av undervisninga har det som utgangspunkt.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der det er aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen i DIDANORAN2 må studenten levere disposisjon for presentasjonsdelen sin i MittUiB seinast ei veke før eksamen.
Studenten må vere til stades minst 80 % av undervisinga for å få emnet godkjent.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel