Webdesign II
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- DIKULT205
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset byggjer direkte på Dikult105. Studentane skal ha og bruke all kunnskap og alle ferdigheiter tileigna i Dikult105 (t.d. semantisk koding, CSS, skriving for web, informasjonsarkitektur, navigasjon, usability, accessibility, responsivitet; innsikt i design) utan at det vert undervist desse. Dersom ein student ikkje straks tek Dikult205 etter Dikult105 må studenten gjere seg kjend med innhaldet frå foregåande semester.
Med denne bakgrunnen gir emnet ei fordjuping i genereringa, utforminga og analysen av moderne webdesign. Emnet har ein programteknisk del og ein teoretisk del, som høyrer saman.
I den programtekniske delen lærer studentane å utforme, publisere og vedlikehalde dynamiske nettstader med server-generert innhald frå ein database og med klient-generert utforming med script. Dei lærer om optimalisering av database og effektiv utnytting av script på sjølvlagde nettstader, til dømes for å handtere innlogging for administratorar og medlemmar, for å vise bloggkommentarar, for å lage søkjefunksjonar, for forebyggje tryggleikshol og for å formidle og vise større mengder med data og informasjon (tabellar, infografikk).
Desse programtekniske aspekta er den praktiske konkretiseringa av den teoretiske ramma. Studentane lærer om klassisk retorikk og i kva grad denne er ein nyttig reiskap til å forstå maktmekaniskmar og overtalingsstrategiar på web. Dei lærer teoriar om multimodalitet og om design- og samfunnsdiskurs som dei set sitt eige arbeid inn i.
Emnet tematiserer etiske problemstillingar til dømes i samband med åndsverkslov og redaksjonelt ansvar når ein nettstad er open for brukarinnlegg, og når designaren eller redaktøren ikkje kjenner alle delane av nettstadens innhald på forehand.
Studentane får trening i å kombinere programmeringsferdigheiter, design- og retorikkunnskap til å lage engasjerende og tiltalande nettstader som vinklar informasjon i ulike retningar.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar ...
- om klassisk retorikk og om moderne retorikk i websamanheng
- om moderne nettverksteknologi til generering av nettstader utover HTML og CSS
- om verkemåten til skript og kode og om god skikk i programmering
- om tryggleiksfaren ved databasebruk
- om teoriar om estetikk, tekst-, bilete- og modusbruk
- om etiske retningsliner for bruk av personopplysningar og materiale som er verna av åndsverklova
Ferdigheiter
Kandidaten kan ...
- skrive, kode, publisere og halde vedlike ein dynamisk nettstad med generert innhald ved hjelp av aktuell webteknologi
- førebyggje tryggleikshol
- analysere retoriske prosessar ved bruk av ulike mediemodi på web
- bruke desse aktivt i eige arbeid
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- forsvare og revurdere strategiar for beste koding og beste formidling av innhald
- setje seg inn i andre sine strategiar for koding og formidling for å fremje konstruktiv kritikk
- forklare og kritisk vurdere eige arbeid
- forklare og forsvare eige og andre sine val og grep i ei større gruppe
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen, men emnet har avgrensa med plassar og det er ein eigen søknadsfrist til emnet.
Om det er fleire søkjarar enn plasser, vert bachelorstudentane i Digital kultur prioriterte. Nokre plassar vil vere reserverte for utvekslingsstudentar.
Arbeids- og undervisningsformer
Det er tjue veker i semesteret, der ti veker normalt har undervisning. Ei veke med undervisning vil normalt innehalde ein førelesning og ein assistert lab på to timar kvar. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret.
Studentane utarbeider individuelle kodingsprosjekt og dynamiske nettstader.
Det er viktig at studentane møter til orienteringsmøtet i byrjinga av semesteret før undervisninga tek til.
Studentane må vere førebudde til både forelesningane og øvingane, avdi forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Det er knytt sjølvstendige oppgåver til undervisninga.
Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, koding, lesing av faglitteratur, lekser, førebuing av presentasjonane og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video, tekniske bloggar, tutorials og andre programmeringsressursar).
Ein forventar at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til lesing, koding og førebuing til eksamen.
Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.
Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
Kvar student må presentere ein del av pensum i plenum i minst ei undervisningsøkt. Presentasjonane blir godkjende av emneansvarleg.
Studentane må gjere seg kjende med eit prosjekt frå ein medstudent for å vurdere strategiane for koding og formidling av innhold (fagfellevurdering) som blir brukte der.
Rettleiing og tilbakemelding på mappedelane er obligatorisk, og kan gjennomførast som kommenterte presentasjonar i plenum i forelesinga eller i laben.
Desse obligatoriske aktivitetane får godkjent/ikkje godkjent, og gjeld berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Ei mappevurdering beståande av to delar:
- Eit omfattande praktisk prosjekt som viser ferdigheit til å bruke moderne strategiar for koding til å lage overtyande, multimodal webdesign.
- Ein akademisk analyse av dette kodingsprosjektet på omlag 2000 ord
Det vert gitt éin karakter for heile mappa, der oppgåvene har omlag same vekt.
Studenten kan skrive på norsk eller engelsk.
Alle eksamensdelane må takast i undervisningssemesteret. Det blir ikkje gitt eksamen i undervisningsfrie semester.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Vi nyttar ei lærebok i PHP og mysql, og eit par mer spesialiserte bøker om design, om retorikk og om informasjonsarkitektur. I tillegg kjem det utdrag av bøker og artiklar som er nedlastbare på Mitt UiB, og ein god del dagsaktuelle nettressursar. Vi forventar at studentane aktivt supplerer dette med kjelder dei sjølve finn fram til og held seg oppdatert ved å følgje med på designbloggar og -samlingar og generelt bruke nettressursar til eiga arbeid. Det vert gitt tips om slike kjelder i lista over fagstoff og på forelesingane.
Emnet byggjer direkte på Dikult105, og vi forventar at studentane kjenner og kan bruke all litteratur frå Dikult105. Sidan fagfeltet er i stadig endring kan det vere at obligatorisk og tilrådd litteratur på Dikult105 blir bytta ut frå år til år. Dersom ein student ikkje straks tek Dikult205 etter Dikult105 må studenten gjere seg kjend med læremidla for Dikult105 frå foregåande semester.
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Nokre artiklar eller bokkapittel kan vere på norsk. Studentane kan i oppgåvene nytte og vise til kjelder på andre språk.
Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande etter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.