Praktisk forskingstrening i digital humaniora
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- DIKULT207
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet fokuserer på utviklinga av både teoretiske og praktiske ferdigheiter i digitale humaniora. Studentane vil lære korleis digitale plattformer vert nytta i forskning i humanistiske fag. I den teoretiske komponenten av emnet les studentane fagtekstar om forsking i Digitale humaniora og utforskar utvalde prosjekt innan digitale humaniora. Emnet fokuserer på studentaktiv forsking. Studentane får praktisk forskningserfaring som digitale humanistar gjennom å utvikle prosjekt i ELMCIP Electronic Literature Knowledge Base. Denne kunnskapsbasen er ein vitskapeleg, open (open access), relasjonell database programmert i Drupal som dokumenterer verk, forsking, hendingar og aktørar innan feltet elektronisk litteratur.
Studentane vil få praktisk røynsle gjennom arbeid med eitt eller fleire av følgjande område:
- redaksjonelt arbeid: innsamling, vurdering, skriving og redigering av artiklar om elektronisk litteratur i kunnskapsbasen
- web-design og utvikling av brukargrensesnitt
- prosjektplanlegging og implementering; teamwork og akademisk samarbeid
- dokumentasjon
- visualiseringsbaserte digitale analysemetodar
Dette emnet gir studentane ei unik moglegheit til å få arbeide saman med forskarar på eit internasjonalt forskingsprosjekt om elektronisk litteratur og innan digitale humaniora, til å utvikle munnlege og skriflege forskningsferdigheiter, og til å bidra til forskingsfronten på desse felta.
ELMCIP kunnskapsbasen har sin heim ved Universitetet i Bergen og har adressa http://elmcip.net/knowledgebase.
Bidrag til ELMCIPs kunnskapsbase er offentleg tilgjengelege og har Creative-Commons lisensen non-commercial share-alike (nc-sa).
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar...
- om pågåande debattar og konsept innan digitale humaniora, og kjennskap til eit utval prosjekt innan digitale humaniora
- om nettbaserte forskningsplattformer og deira funksjonsmåte og tyding
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- skrive korte vitskaplege skildringar av verk og aktørar for ein vitskapleg database i eit estetisk felt
- vurdere nytta av ei rekkje strategiar innan digitale humaniora i eit forskingsprosjekt
- drøfte og prioritere val i organisasjon og design når ein skal utvikle ein vitskapleg database
- utvikle "distant reading"- strategiar for å studere trendar og mønster i eit stort datasett
- presentere sitt utviklande forskningsprosjekt munnleg på ein kortfatta og godt illustrert måte
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- organisere gruppearbeid
- arbeide på eit internasjonalt forskingsprosjekt
- nytte digitale forskingsmetodar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det er tjue veker i semesteret, der ti veker normalt har undervisning. Ei veke med undervisning vil normalt innehalde ein førelesning og ein workshop på to timar kvar. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret.
Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på deltagelse på seminarer, lesing av faglitteratur, bidrag til databasen, lekser, og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video, osv.).
Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringsfristen 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein obligatorisk munnleg presentasjon skal haldast i klassen. Presentasjonen skal dokumentere studentanes praktiske prosjektarbeid og og setje det inn i ein større kontekst i digitale humaniora.
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Artiklar om Digitale humaniora, vitskaplege arbeid om elektronisk litteratur og litterære verk som er naudsynte for å skrive i kunnskapsbasen. Studenten skal følgje debattar i sosiale medium om digitale humaniora, og bruke og utvikle ELMCIPs kunnskapsbase.
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver og på eksamen bruke og vise til kjelder på andre språk.
Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande etter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.