Velferd og økonomisk politikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ECON210
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Engelsk og/eller norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med kurset er å gi studentane ei innføring i sentrale delar av teorien for ressursallokering, velferdsteori og beskatning.
Det vert gitt ein introduksjon til teorien om generell likevekt. Etter dette gjer vi greie for korleis ressursane i ein økonomi bør allokerast for å oppnå best mogleg utnytting. Vidare vil ein i kurset gjera greie for korleis ein kan sikre effektiv ressursbruk når ein har innslag av eksterne effektar og kollektive gode i økonomien. Andre sentrale spørsmål som vert tatt opp er nytte- kostnadsanalysar og politisk økonomi. Kurset vil også ta opp effektivitets- og fordelingseigenskapar ved ulike former for skattar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
- forstår og kan beskrive normativ velferdsteori
- kan forklare kva kollektive gode er, kvifor desse ikkje vert produsert i ein marknadsøkonomi og korleis det offentlege kan tilby godane
- kan forklare kva det offentlege sine hovudoppgåver inneber
- kan gjere greie for skatteteori
- kan forklare kva som meinast med diskontering av framtida, og sosial diskonteringsrate
Ferdigheiter
Kandidaten...
- kan gjere greie for velferdsteori og optimal allokering av ressursane i økonomien
- kan gjere greie for kva ein eksternalitet er og korleis ein kan løyse eksternalitetsproblem
- kan gjere greie for kollektive goder
- kan analysere problemstillingar knytta til skatt og økonomisk politikk
- kan framstille kostnad-nytte-analyser for både private og offentlege gode
Generell kompetanse
Kandidaten...
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg om munnleg
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar (minst 4 av 6 seminar) og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på ITØK må delta på obligatoriske seminar (minst 4 av 6 seminar) og levere fire obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.