Befolkningsutvikling, økonomisk vekst og trygdesystemet
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- ECON336
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset gir ei praktisk innføring i overlappande generasjonsmodellering, ved hjelp av rekneark. OLG-modellar gir eit rammeverk for å analysere konsekvensane av at fleire eldre mottek trygde-, pensjons- og helseytingar i framtida.
Tema:
Sosialforsikring
- Introduksjon
- Fondsbaserte system og løpande finansiering (pay-as-you-go)
- Offentlig gjeld og løpande finansiering
Offentlig gjeld
- Gjeld i ein OLG-modell
- Offentlig gjeld og sosialforsikring
- Kven betalar for auka gjeld?
Dynamisk insidens av ein skatt på kapital
- Insidens i partiell og generell likevekt
- Komparativ statisk analyse
- Dynamisk analyse
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
- Kan gjere greie for viktige dynamiske makrosamanhengar og korleis desse kan handsamast ved hjelp av overlappande generasjonsmodellar.
Ferdigheiter
Kandidaten...
- Kan ta i bruk overlappande generasjonsmodellar og løyse slike modellar numerisk.
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Uregelrett
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, Integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør) og bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi. Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar og øvingar.
Det vil vere praktiske dataøvingar til kvar av delane i kurset.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen obligatoriske arbeidskrav
Vurderingsformer
Heimeoppgåve med karakter.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.