Økonometri I
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ECON340
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Formålet med kurset er å gi ei fyrste innføring i økonometri og er eit nødvendig utgangspunkt for empirisk arbeid.
Økonometri bruker statistiske metodar på økonomiske problemstillingar.
Hovudtema på kurset er lineære regresjonsmodellar. Det vert fokusert spesielt på at økonomiske data stort sett er ikkje-eksperimentelle, og kva for konsekvensar dette har for konklusjonane det er mogleg å trekkje. Både teoribakgrunn og praktiske døme blir gjennomgått. Kurset vil også gi ei innføring i bruk av økonometrisk programvare.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Kunne gjennomføre analyser av økonomiske data basert på godt kjennskap til den lineære regresjonsmodellen
- Forståing for kausalitetsbegrepet i en empirisk samanheng
- Grunnleggande kunnskap om det statistiske grunnlaget for regresjonsanalyse med minste kvadratsums metode (MKM)
- Kunnskap om hypotesetesting
- Grunnleggande kunnskap om korleisen oppdagar og handsamer brot på føresetnadane for MKM, slik som utelatne variablar, heteroskedastisitet og seriekorrelasjon
- Grunnleggande kunnskap om IV/2SLS-metoden og tidsseriemetodar
Ferdigheiter
- Grunnleggande bruk av statistikkprogrammet Stata til empirisk analyse
- Estimering og testing med MKM
- Rapportering og tolking av regresjonsresultat
Kompetanse
- Evne til å lese og kritisk diskutere empiriske artiklar
- Evne til sjølv å kunne gjennomføre eigen empirisk analyse i masteroppgåva
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjend innleveringsoppgåve med formativ tilbakemelding.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.