Statistikk og økonometri

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi den nødvendige bakgrunn i sannsynsrekning, statistikk og økonometri som trengs for å gjere studentane metodologisk i stand til å møte dei krav som stillast i kurs vidare på studiet. I tillegg kan kurset tene som ei inspirasjon for studentane til å velje empiriske/økonometriske tema på bacheloroppgåva. Vidare skal kurset gjere studentane fortrulege med bruk av eigna programvare for PC til statistiske oppgåver.

Emnet dekker grunnleggjande statistikk med særleg vekt på enkel regresjon. Kurset tar opp emne innan sannsynsrekning som sannsynsmodellar, diskrete og stokastiske variablar og fordelingar, men legg hovudvekt på emne innan statistisk analyse, som estimering, hypotesetesting og regresjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • Kan forklare kva som kjenneteiknar diskrete og kontinuerlige sannsynsfordelingar og spesielt kjenne eigenskapane til utvalde sannsynsfordelingar som binomialfordelinga, normalfordelinga, students t-fordeling, kji-kvadratfordelinga og F-fordelinga.
  • Kan gjere greie for teoretisk statistikk som dannar grunnlaget for å trekke slutningar om forhold i ein populasjon basert på eit mindre representativt utval.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan utføre elementær sannsynsrekning.
  • Kan utføre hypotesetestar om ukjente populasjons-parameter.
  • Kan utføre og vurdere resultat frå enkel regresjonsanalyse ved hjelp av minste kvadraters metode.
  • Kan bruke eigna programvare (til dømes STATA, R eller EXCEL) som reiskap for å utføre enkle regresjonsanalysar.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
  • STAT110: 4 sp
  • STAT111: 3 sp
  • STAT200: 3 sp
  • MET102: 3 sp
  • ITØK204: 5 sp
  • Krav til studierett
    Ope
    Arbeids- og undervisningsformer
    Førelesingar og seminarundervisning
    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    2 oppgåveinnleveringar.

    Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

    Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

    Vurderingsformer

    4 timar skriftleg eksamen

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Bokstavkarakterar A-F
    Vurderingssemester

    I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

    Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

    • Legeattest/gyldig fravær
    • Avbrudd under eksamen
    • Stryk/ikke bestått

    Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.