Samfunnsvitskapleg metode
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- MET102
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i konkrete forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis.
Kurset gir ei generell innføring i samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling og analyse av forskjellige typar data. I kurset vert m.a. casestudiar, komparativ metode, regresjonsanalyse og innhaldsanalyse, gjennomgått.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- gjere greie for etiske problemstillingar i samfunnsvitskapeleg forsking
- definere grunnleggjande omgrep i samfunnsvitskapeleg metode
- gjere greie for ulike typar kjelder og data
- gjere greie for eksperimentelle metodar, komparativ metode og case-studiar
Ferdigheiter
Studenten kan
- innarbeide etiske problemstillingar i eigne arbeid innanfor samfunnsvitskaplege disiplinar
- organisere og presentere ulike datatypar for analysar
- diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar
- gjennomføre kvalitative intervju, kvalitative tekstanalysar, tabellanalyse, korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse
- skrive rapportar frå vitskapelege undersøkingar
Generell kompetanse
Studenten kan
- evaluere og kritisere samfunnsvitskapelege analysar
- skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar, kollokviegrupper og laboratoriearbeid i PC-stover.
Talet på førelesingstimar: rundt 36
Talet på seminar/kollokvietimar: 20-24
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av fire øvingsoppgåver, to i kvalitative og to i kvantitative metodar. Ordgrensa for kvar oppgåve er 2000 ord +/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg.
Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra.
Vurderingsformer
Seks timers skriftleg skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Ordinær eksamen vert tilbydd vår og haust.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.