Kvalitative metodar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan kvalitativ samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i konkrete kvalitative forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis. Studentane skal også ta omsyn til dei forskingsetiske problemstillingane som aktualiserast i forsking.

Kurset gir ei generell innføring i kvalitative samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling, analyse og fortolking av forskjellige typar data, herunder innhaldsanalyse, deltakande observasjon, fokusgrupper og kvalitative forskingsintervjuar. Kurset gir vidare ein oversikt av sentrale element i et forskingsdesign - som for eksempel problemstilling, utveljing og komparasjon av case, intervjuguide og konseptualisering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • definere grunnleggjande omgrep i kvalitative metodar
  • gjere greie for ulike typar kjelder, data og dataanalyse
  • gjere greie for sentrale element i et forskingsdesign
  • skilje mellom ulike typar forskingsdesign
  • gjere greie for korleis kvalitativ data vert utvelja og samla inn
  • gjere greie for analyse av kvalitativ data, og programvare som vert brukt til dette
  • gjere greie for etiske problemstillingar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • diskutere og grunngje val av metode, eller kombinasjon av metodar (metodetriangulering), ut frå ulike problemstillingar
  • diskutere styrker og svakheiter med ulike typar forskingsdesign
  • gjennomføre kvalitative intervju og kvalitative tekstanalysar
  • skrive rapportar frå vitskapelege undersøkingar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • evaluere og kritisere samfunnsvitskapelege analysar
  • skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Haust og vår 
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
MET102 (7,5 sp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar: 10-12.

Timer med laboratoriearbeid i PC-stover: 12

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av to øvingsoppgåver. Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra. 

Ordgrensa for kvar oppgåve er 2000 ord +/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg.

Vurderingsformer

Seks timers skriftleg skuleeksamen. 

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Ordinær eksamen vert berre tilbydd vår og haust. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.