Empirisk forskingsdesign
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- ECON343
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studentane vil bli presenterte for ulike tema, ca. 6 i løpet av kurset. Tema kjem i stor grad til å avspegla forskingsaktiviteten til forelesarane, men vil kunna variera frå semester til semester. Kurset vil vera oppbygd slik: 1) Forelesing - Temaet blir belyst ut frå økonomisk og økonometrisk teori. - Studentane blir presentert for data: korleis desse kan leggjast til rette i programpakken Stata og - først og fremst - korleis dei kan brukast til å laga modellar som testar ut hypotesar avleidde frå teorien - I løpet av dei to vekene til neste temaforelesing skal studentane sjølve arbeida med teori, data og design 2) Studentpresentasjonar - Studentane, einskildvis eller i grupper på 2-3, presenterer og diskuterer arbeid med gitt tema.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Ferdigheiter
Kandidaten kan ...
- sjølvstendig belyse aktuelle forskingstema både teoretisk og empirisk.
- bringe eit forskingstema frå teoriplanet til ein gjennomført empirisk analyse.
- gjere greie for formelle og praktiske sider ved økonometrisk modellering
- utnytte empiriske data og gjennomføre avanserte analyser på ulike datasett som tverrsnittsdata, paneldata og tidsseriedata.
- bruka programpakken Stata til økonometriske analyser.
Kompetanse
Kandidaten skal ...
- kritisk kunne drøfte analysefunn og sette resultata inn i et samfunnsøkonomisk perspektiv.
- kunne lese og forstå rapportar og tidsskriftsartiklar knytt til dei tema som har vore gjennomgått i kurset
- kunne nytte kursinnhaldet i eige akademisk arbeid, ikkje minst i skriving av masteroppgåva.
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust eller vår, ujamnt.
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Reservert for studentar på masterprogrammet i samfunnsøkonomi, profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør). Studentar på poststudierett etter fullført master- eller profesjonsstudium i samfunnsøkonomi kan søkje instituttet om å ta emnet.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar, med kombinasjon forelesing og studentpresentasjonar.
Samlingar ca. kvar 2. veke, med kombinasjonen 3 timar forelsing og 3 timars presentasjonar
3 timar i gjennomsnitt.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske presentasjonar til kvart tema.
Godkjent obligatorisk arbeidskrav er berre gyldig inneverande semester.
Vurderingsformer
14 dagars heimeeksamen
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.