Fluidmekanikk og varmeoverføring
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ENERGI257
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk om kun norskspråklege studentar deltek.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi ei innføring i fluidmekanikk og varmeoverføring. Emnet skal formidle forståing av grunnleggande matematiske modeller, korleis dei vart utleia og korleis dei kan nyttast for å løyse praktiske problem.
Innhald:
Fluidmekanikkdelen omfattar: Fluidstatikk, strøyming av væsker (inkompressibel straum) og gassar (kompressibel straum) gjennom røyrsystem og ulike typar prosessutstyr. Strøyming av væsker og gassar gjennom pakka og fluidiserte sjikt av partiklar av faste stoff. Bernoullis likning. Varmeoverføringsdelen omfattar: Leiings-, konveksjons og strålingsoverføring av varme i væsker, gassar og faste stoff. Dimensjonsanalyse og CFD-modellering (Computational Fluid Dynamics) blir forklart og brukt innanfor både fluidmekanikk og varmeoverføring.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- Kan definere typiske fenomen i fluidmekanikk og varmeoverføring
- Kan beskrive prosessar i einfase strøymingsapparatur
Ferdigheiter
Studenten
- beherskar de grunnleggande matematiske modellane i fluidmekanikk og varmeoverføring
- forklare mikro- og makroskopiske bevegelsesmengdebalansar og bruke dei til å løyse basale problemstillingar
- kvantifiserer varmeoverføring mellom fluid og faste vegger og i varmevekslarar.
Generell kompetanse
Studenten
- Kan anvende grunnleggande matematiske modeller i prosessindustrien
- Kan lage prinsippskisser for apparatur i prosessindustrien
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningarog kollokvier.
Førelesningar / 4 timar pr. veke
Kollokvier / 2 timar pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Midtvegseksamen (2 timar) utgjør 25% av karakteren.
- Skriftleg eksamen (4 timar), utgjør 75% av karakteren.
- I semester kor undervisning ikkje vært gitt gjelder avsluttande eksamen 100%.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.
Tillatte kalkulatormodeller inkluderer: Casio fx-82ES PLUS and Casio fx-82EX