Differensiallikningar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MAT131
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet gjev ei innføring i teori og løysingsmetodar for ordinære og partielle differensiallikningar.
Innhald:
Løysingsmetodar for skalare og lineære system av ordinære differensiallikningar, og stabilitet av ikkje-lineære system. Emnet omfattar dessutan løysing av ulike partielle differensiallikningar ved bruk av Fourierrekker.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten skal
- ha kunnskap om sentrale omgrep og definisjonar i teorien for ordinære og partielle differensiallikningar
- kjenne til løysingsmetodar for ordinære og partielle differensiallikningar
- ha kunnskap om bruk av differensiallikningar i modellering og kunne identifisere ulike prosessar som kan skildrast ved ei eller fleire differensiallikningar
Ferdigheiter
Studenten skal
- kunne identifisere og løyse differensiallikningar av første orden som er separable, lineære eller eksakte
- vere i stand til å forklare teorien for eksistens og eintydigheit av differensiallikningar av første og andre orden
- kunne løyse homogene- og inhomogene likningar av andre orden med konstante koeffisientar
- kunne nytte metodar frå lineær algebra til å løyse lineære system og gje ei kvalitativ skildring av løysingskurvene i faseplanet
- kunne finne kritisk punkt for ikkje-lineære system av første orden og klassifisere desse med omsyn på stabilitet
- vere i stand til å analysere enkle modellar som skildrar samspelet mellom rovdyr/byttedyr eller konkurrerande artar
- kunne bruke metoden med separasjon av variable og Fourierrekker til løysing av partielle differensiallikningar som skildrar varmeleidings- og bølgeproblem.
Generell kompetanse
studenten skal
- anvende eit presist fagsrpåk med tydeleg bruk av omgrep og eintydige setningar
- kunne drøfte og analysere enkle matematiske modellar
- kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide i grupper
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakteren vert basert på to element:
1) Poeng frå fleirvalgsoppgåver individuelt og i grupper undervegs i samband med gruppeundervisning (vekt 25%). Vurderingselement 1) er gyldig i to semester: inneverande + hausten etter.
2) Ein skriftleg avsluttande skuleeksamen som kombinerer fleirvalsoppgåver med ordinære oppgåver (4 timar, vekt 75%) som ein må bestå for å bestå emnet.
Studentar som har godkjent obligatoriske oppgåver og består vurderingselement 2) får ein bokstavkarakter basert på begge vurderingselementa, vekta slik som lista ovanfor.