Fagdidaktikk i engelsk i lektorutdanninga
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ENGDI101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje ei innføring i engelsk fagdidaktikk og har fire hovudområde:
- engelskfagets legitimering og eigenart
- sentrale styringsdokument for skolefaget
- språklæring
- omgrepet kommunikativ kompetanse
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om engelskfagets utvikling
- har innblikk i styringsdokument for skolefaget
- har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og -tilnærmingar
- har kjennskap til teoriar knytt til kommunikativ kompetanse
Dugleikar:
Studenten
- kan analysere styringsdokument for skolefaget
- kan reflektere over og drøfte skolepraksis i lys av relevant teori
- kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk knytt til emnet
Generell kompetanse:
Studenten
- kan reflektere over eiga læring
- kan reflektere over og drøfte problemstillingar knytte til engelsk som skolefag
- kan beskrive elevar si læring
Fulltid/deltid
Ikkje relevant
Studiepoeng, omfang
5
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust (3. semester for studentar som tek engelsk som fag I, og 5. semester for studentar som tek engelsk som fag II).
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
30 studiepoeng i engelskfaglege emne på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studentar som er tekne opp på lektorprogrammet, og som tek engelsk som fag I eller fag II.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet har tre obligatoriske krav som må vere møtt for å kunne gå opp til eksamen:
1) Studentane må ha delteke på eit seminar om lesing og skriving av akademiske tekstar innanfor fagområdet.
2) 2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek engelsk som fag I.
2) 2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek engelsk som fag II.
3) Det er 80% oppmøteplikt på forelesingane.
Vurderingsformer
Eksamensforma er ein fire timar skriftleg skoleeksamen. Nærare informasjon blir gitt i studiet. Eksamen skal skrivast på engelsk, og rett og god språkføring vert vektlagd.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. Det er anbefalt at studentar fullfører vurdering i det same semesteret dei følger undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret. Pensum utgjer om lag 350 sider av normal vanskegrad.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Læreplanverket LK06/13 . Studentane kan bruke eittspråkleg (engelsk-engelsk) ordbok på skoleeksamen. Instituttet gir nærare opplysning om kva for ordbøker som er godkjende.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg går fram av informasjonen om emnet på Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.