Planlegging og evaluering av undervising

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje erfaring med undervisning sett frå eit pedagogisk og fagdidaktisk perspektiv. Emnet skal gje innblikk i kva rolle læremiddel og læreplanar speler i undervisninga, og tilhøvet mellom undervisning og læring.

Studentane skal planleggje, prøve ut og evaluere aktivitetar i faga sine med utgangspunkt i læreplanar, og vere i stand til å reflektere over eigen praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskapar om yrkesetiske problemstillingar
  • har kunnskap om bruken av ulike typar læremiddel.
  • har kunnskap om vilkår og føresetnadar for elevane si læring i fag.

Ferdigheter:

Studenten kan

  • planleggje, gjennomføre og evaluere ei undervisningsøkt med utgangspunkt i læreplan og kompetansemål i faget.
  • kritisk vurdere bruken av ulike typar læremiddel i forskjellige læringskontekstar.
  • nytte informasjon henta inn gjennom ulike undersøkingar til å reflektere over eiga undervisning og elevane si læring i fag.

Generell kompetanse:

Studenten:

  • kan reflektere over korleis læremiddel og læreplanverk set rammer for undervisning og korleis dette verkar inn på lærarrolla og elevane si læring

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

Ingen

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Praksisskular og UiB.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Ein må ha studierett på eit av UiB sine lektorutdanningsprogram.
Arbeids- og undervisningsformer
  • Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
  • MN-studentar: Totalt 7 dagar. I skulen: 5 dagar, forarabeid: 1 dag, etterarbeid: 1 dag
  • HF-studentar: Totalt 12 dagar. I skulen: 8 dagar, forarbeid: 1 dag, etterarbeid: 1 dag, temaseminar: 2 dagar
  • SV-studentar: Totalt 12 dagar. I skulen: 8 dagar, forarbeid: 1 dag, etterarbeid: 1 dag, temaseminar: 2 dagar
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 100 % oppmøte i praksis. Sjå arbeids- og undervisningsformer, over.
  • Planleggje, gjennomføre og evaluere to til fire undervisningsøkter med ein klasse.
  • Loggføring for alle praksisdagar.
  • Obligatoriske arbeidskrav i KOPRA103 er berre gyldige i eit semester.
  • Vurderingsformer

    Praksis

    Vurdering av deltaking i praksis og gjennomføring av undervisningsøktene vert gjort av rettleiar i skulen.

    Vurdering av studenten sin faglege refleksjon over erfaringar frå praksis vert gjort av fagdidaktikarar og pedagogar ved UiB.

    Karakteren vert fastsett på grunnlag av ei samla vurdering av punkta over.

    Antall forsøk: 2. Studentar som får ikkje greidd på emnet har høve til å ta emnet på nytt éin gong til.¿¿

    Karakterskala
    Greidd/Ikkje greidd
    Vurderingssemester
    Haust.
    Litteraturliste
    .
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    .
    Programansvarleg

    Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

    Det humanistiske fakultet

    Emneansvarleg
    Programrådet for lektorutdanning er emneansvarlig for KOPRA103.
    Administrativt ansvarleg
    Lektorsenteret