Biokjemi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FARM150
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gi studentane basale kunnskapar i biokjemi og molekylærbiologi for å kvalifisere studentane til vidare studium innan farmasi eller ernæring.. Studentane skal også få innsikt i eksperimentell molekylærbiologi og oversikt over bioteknologisk metodikk.
Læringsutbyte
Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar: Studentane..
- Har brei kunnskap om grunnleggande strukturar, eigenskapar og metabolismen til karbohydrat, protein, lipid og nukleinsyrer
- Har brei kunnskap om DNA-replikasjon, DNA-reparasjon, transkripsjon av RNA, RNA- spleising og prosessering, translasjon av mRNA
- Har brei kunnskap om prinsippa for signalomforming og genregulering og kunne greie ut om utvalde eksemplar i detalj
- Har brei kunnskap om energimetabolismen i celler
- Kjenner til prinsippa for metodar for proteinreinsing og proteinanalyse
- Kjenner til utvalde eksperimentelle biokjemiske, molekylærbiologiske og biomedisinske metodar
Ferdigheitar: Studentane..
- Kan nytte fagleg kunnskap for å løyse biomedisinske problemstillingar knytt til underviste tema.
- Kan utføre utvalde laboratorieanalysar og eksperimentelle analysar, og tolke dei oppnådde resultata
Generell kompetanse: Studentane..
- Har innsikt i biokjemiske problemstillingar relevante for ernæring og farmasi
- Kan planlegge og gjennomføre teoretisk gruppearbeid og praktiske laboratorieøvingar saman med medstudentar
- Kjenner til relevante tryggingsbestemmingar når praktisk arbeid blir utført
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i data-, tryggleiks- og laboratoriekurs er obligatorisk. Laboratorieprosedyrar må utførast
tilfredsstillande. Laboratoriejournalar må verte godkjend før studentane kan ta eksamen. Studentane vert oppmoda om å ta del i førelesingar og kollokvium.
Vurderingsformer
4 timars skriftleg eksamen.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Alle kalkulatorar i samsvar med sine reglar
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk
Programansvarleg
Programutval for ernæring
Programutval for farmasi