Farmakognosi, inklusive botanikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FARM238
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Engelsk om engelskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset inneheld ei kort innføring i plantesystematikk. Sentrale gift- og medisinplantar samt naturlegemiddel vert omtala. Viktige stoffklassar (sekundære metabolittar) i og frå naturen vert framheva, og det vert lagt vekt på klassifisering, nomenklatur, struktur, biosyntese, førekomstar, analyse og farmasøytiske perspektiv. Praktiske øvingar demonstrerer ulike teknikkar innanfor naturstoffkjemi.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- gje ei oversikt over feltet naturstoffkjemi.
- identifisere ulike typar naturstoff, deira førekomstar, struktur, biosyntese og eigenskapar.
- ha kjennskap til moderne avanserte metodar for isolering og strukturoppklaring av naturprodukt.
- kjenne til medisinsk anvending av naturstoff, modifiserte naturstoff og virkestoff inspirert av naturstoff
Ferdigheiter
Studenten beherskar å
- drøfte bruk av naturstoff som utgangspunkt for lækjemiddel.
- utføre sjølvstendige undersøkingar av plantemateriale og naturstoff.
Generell kompetanse
- Studenten mestrer gruppearbeid for skriving og framføring semesteroppgåve om naturmiddel
- Studenten mestrer gruppearbeid for gjennomføring av praktiske laboratorieøvingar
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar: 4 timar per veke
Laboratoriekurs
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med UiB sitt kvalitetssikrginssystem