Menneskets fysiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FARM280
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål at studentane etter gjennomført studium kan definera dei grunnleggande fysiologiske omgrepa, greie ut for mekanismane for dei ulike kroppsfunksjonane og forklåre korleis reguleringsmekanismane kan rette opp igjen likevekt og funksjon, gitt ei forstyrring av likevekta i eit fysiologisk system.
Emnet skal formidle forståing for det biologiske grunnlaget for menneskelig fysiologi.
Studiet tar opp tema som nevrofysiologi, blodets celler og funksjon, hjerte-/kar-fysiologi, respirasjonsfysiologi , varmebalanse og temperaturregulering, nyre og syre/base-balanse, endokrinologi, reproduksjon og fordøyelse.
Læringsutbyte
Kunnskapar Studentane
- har brei kunnskap om dei grunnleggande fysiologiske omgrepa og mekanismane for organ og organsystemet sin normale funksjon og samspel hos menneske.
- har brei kunnskap om kroppen sine reguleringsmekanismar for å oppattrette likevekt og funksjon ved sjuklege tilstandar som leiar til forstyrring av kroppen sine fysiologiske system.
Ferdigheiter Studentane
- kan bruke kunnskap om fysiologi til å forklare organ og organsystemers funksjon i fysiologiske prosesser
- kan bruke sin fagleg kunnskap og relevante resultat til å forklare bakgrunnen for relevante kliniske problemstillingar
Generell kompetanseStudentane
- Kan bruke sine kunnskapar til å formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg
- kan bruke sine kunnskapar til å utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet for å forstå normalfunksjon og sjukdomsprosessar
Studiepoeng, omfang
10 stp
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Krav til studierett
Integrert masterprogram i farmasi, eller masterprogram i medisinsk teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning omfattar førelesningar på omkring 70 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 3 timar
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, eksamen må besvares på et skandinavisk språk.(norsk, svensk eller dansk).
Programansvarleg
Programutval for farmasi
Administrativt ansvarleg
Institutt for biomedisin