Cellulær og molekylær nevrovitskap
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- BMED340
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Innhaldet i emnet gjenspeilar mangfeldet og tverrfaglegheiten ein finn i nevrovitskap med ei rekkje av seminarar som handlar om cellulær og molekylær nevrovitskap gjennom forskjellige system og regionar innan sentralnervesystemet. Emnet innehald worshops som dekk teknikkar innan neurofysiologi, molekylærbiologi og avbilding.
Studentane vil få kunnskap om naudsynte intellektuelle verktøy for å kunne forstå og verdsette kompleksiteten ein finn i nervesystemet på eit molekylært og cellulært nivå.
Emnet er utforma som eit introduksjonskurs på masternivå. Det forventast at studentane har ei bachelorgrad i biologisk eller naturvitskapleg retning. Forkunnskapar i nevrovitskap er ikkje naudsynt, men nivået i emnet er høgt med rask progresjon og det forventast at studentane forbered seg med å lese i lærebøkene før kvar forelesning. Tema inkluderer: Nevronar som eksitable celler, ionekanaler, synaptisk overføring og plastisitet, neurotransmittersystemar, molekylær og cellulær føresetnad for sensorisk og motoriske system, oversyn av nevroanatomi og nevrohistologi, og avanserte avbildingsteknikkar.
Læringsutbyte
Etter fullført emne kan studenten:
Kunnskapar
- Vise inngåande kunnskap om nervesystemets struktur og funksjon på celle og systemnivå
- Identifisere og beskrive de molekylære og cellulære eigenskapar hos nevroner som gir opphav til deira evne til å kommunisere via elektriske og kjemiske signalar
- Forstå dei viktigaste neurotransmittersystemar og reseptorar i nervesystemet
- Kritisk vurdere vanlege metodar i nevrovitskap og forstå teorien bak desse teknikkane
Ferdigheiter
Utvikle hypotesar og kristisk analysera metodar og resultat innan nevrobiologi
Generell kompetanse
- Tolke og diskutere funn relatert til vitskaplege eksperiment og litteratur innan nevrovitskap
- Formidle og drøfte integrasjonen av molekylære, cellulære og biofysiske prosessar, som bidreg til at nevronar og nevrale systemar ansvarlege for oppførsel, kan fungere
- Anvende teoriar om molekylær og cellulær nevrovitskap til eksperimentelle undersøkingar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Master i biomedisin. Andre masterstudentar eller utvekslingsstudentar som oppfyller forkunnskapskrava kan og få adgang til emnet.
Minimum antall studentar for at kurset skal gå er 4, maksimum antall er 20. Dersom fleire enn 20 studentar meld seg på vil studentar i biomedisin verte prioritert.
Arbeids- og undervisningsformer
Omkring 30 timar seminar over ei periode på omkring 8-10 veker.
3 tekniske workshops (4 timer kvar)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen